Nina Oen og Tina Lyssand Rød opnar TiNi Barn kring påske neste år.
Nina Oen og Tina Lyssand Rød opnar TiNi Barn kring påske neste år.

Opnar barnebutikk saman

– Vi har sakna ein barnebutikk, seier Nina Oen (29), som saman med Tina Lyssand Rød (31), opnar barnebutikk i Os sentrum til våren.

– Det er gjort så mykje med sentrum. Det er blitt så fint her, seier Lyssand Rød.

– Det er fokus på å bruka sentrum. Dei fleste vil ha liv på Øyro. Då er det viktig at folk bruker dei butikkane som er her. Går det ikkje no, så går det aldri, seier Oen og smiler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Namnet på butikken er sett saman av fornamna til dei to, og dei kjem ikkje til å selja klede som ein får kjøpt i kjedebutikkar.

– Vi har fått positive tilbakemeldingar frå alle leverandørane vi har kontakta. Alle leverandørane av klede er på plass, og vi er i samtalar med ein vogn-leverandør. Vi ser også på høve til å få inn nokre leikar. Det blir i så fall ikkje plastleiker, men skikkelege leiker i tre.

Men kva merke dei kjem til å ha i butikken, vil dei ikkje ut med enno.

– Vi kjem til å leggja det ut på Instagram-kontoen vår, så dei som er nysgjerrige må følgja med der, seier Oen.

Drøymt om lenge

Damene er sjukepleiarar, men har fått permisjon i eitt år, for å satsa på butikken.

– Tanken er på sikt å kombinera butikken og sjukepleiaryrket. Vi må ikkje begge stå i butikken kvar dag, seier Oen.

Det er to år sidan veninnene for første gong snakka om å opna barnebutikk saman.

– Vi har drøymt om det lenge. Første gong det blei nemnd, var då eg var i permisjon for to år sidan, seier Lyssand Rød og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var først i vår at vi starta å snakka seriøst om det. I haust dukka det opp eit eigna lokale, og vi slo til.

Huseigar Espen Aspenes er på ferie. Avtalen skal signerast i slutten av månaden. Etter det, skal damene setja seg ned med arkitektar, og finna ut kva fargar dei ønskjer å ha i butikken.

– Det er veldig kjekt å få eit heilt nytt lokale, seier Lyssand Rød.

Oen fortel at ho er glad for at det er Aspenes-brørne som er huseigarar.

– Etter at dei kjøpte GH-bygget, har dei fått gjort så mykje. Dei to er engasjerte, seier ho.

Mini, mini-kjøpesenter

TiNi Barn kjem i lokalet som DNB hadde tidlegare. Damene har om lag 100 kvm å boltra seg på. Då Os & Fusaposten snakka med Espen Aspenes sist veke, sa han at dei ønskjer å få til eit mini, mini-senter.

– Vi er i dialog med fleire, men vi vil landa denne første avtalen før vi går vidare. Då vil nok resten falla på plass av seg sjølv. Vi ønskjer butikkar som utfyller kvarandre, og som trekkjer kundar, sa Aspenes.

– Kven ønskjer de som naboar?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nokon som passar til oss og det vi sel, seier Lyssand Rød.

– Kanskje ein hud og velvære-salong. Strikkebutikken hadde nok vore ein god nabo også, om ho ønskjer å flytta. Det er eit fint konsept med eit lite kjøpesenter her, seier Oen.

Tips frå andre butikkeigarar

Responsen har vore god frå vener, kjende og familie, når dei to har fortalt at dei kjem til å starta butikk til våren.

– Vi har inga erfaring med det å driva butikk. Vi har ein som skal hjelpa oss med budsjett og økonomi generelt. Vi har også fått gode råd frå Jeanett frå Borg Vêr. Eg har også fått råd frå kollegaar i GH interiør, der eg stundom jobbar, seier Oen.

Dei som lengtar etter ein butikk i sentrum som sel barneklede, må smørja seg med tolmod. Aspenes nemnde datoen 1. april 2018, og det er nok ikkje langt frå sanninga.

– Det blir kring påske neste år. Noko nærare dato kan vi ikkje gje no. Det er berre å følgja med på Instagram, seier Oen og smiler.