Sjølv om utvalet omtalar «fargeinnspelet» som ei avsporing, så er det like fullt eit innspel – eit interessant forslag – som me meiner ikkje er unaturleg å putta øvst i ei sak som listar opp fleire av innspela.
Sjølv om utvalet omtalar «fargeinnspelet» som ei avsporing, så er det like fullt eit innspel – eit interessant forslag – som me meiner ikkje er unaturleg å putta øvst i ei sak som listar opp fleire av innspela.

Os & Fusaposten – den lokale tabloidpressa? – Svar til Peter-Hans de Zwarte

Os & Fusaposten er ikkje samd i at det er vinklinga vår som ”effektivt får uttalen til Strandvik bygdelag til å framstå latterleg og useriøs”. Saka omtalar forslaget slik det framstår i uttalen, og me meiner bygdeutvalet må kunna stå inne for dette forslaget, også i ein tittel og ingress i lokalavisa.

I eit lesarbrev frå torsdag (nett) og fredag (papiravis) reagerer leiaren i Strandvik Bygdautval, Peter-Hans de Zwarte, på vinklinga vår i saka ”Vil unngå keisame fargar: - Kvardagen er grå nok som han er”.

Me er samde i at utvalet har kome med ein god uttale med mange spennande og nye tankar. I forkant av artikkelen som leiaren i bygdeutvalet viser til, hadde med også ei eiga sak og løfta fram det kanskje aller mest spennande forslaget – eit flytande byggjefelt. Når me kom med ei oppfølgingssak, vinkla me på innspelet om kor vidt det let seg gjera å leggja føringar på fargebruken for å forhindra keisame fargar og bygg. Vidare i saka listar me opp ei rekkje andre forslag som hotell, ei utviding av den karakteristiske naustrekkja i bygda, aktivitetspark, skatepark, utandørs klatrevegg og tuftepark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om utvalet omtalar ”fargeinnspelet” som ei avsporing, så er det like fullt eit innspel – eit interessant forslag – som me meiner ikkje er unaturleg å putta øvst i ei sak som listar opp fleire av innspela.

Me skjønar at forslaget ikkje var meint som å tvinga på folk kva farge dei skal ha på huset. Det skriv me då heller ikkje. Me nyttar derimot formuleringane frå uttalen og er ikkje samd i at det er vinklinga vår som ”effektivt får uttalen til å framstå latterleg og useriøs”. Me har skrive forslaget slik det framstår i uttalen, og meiner bygdeutvalet må stå for dette forslaget, også i ein tittel i lokalavisa. Det er då heller ikkje eit negativt og kjipt forslag, men eit av mange intereressante innspel, som me oppfattar er spelt inn med «humør og gode intensjonar».

Peter-Hans de Zwarte meiner også avisa gjekk «tabloidpressa ein høg gang» i saka der tittelen var ”Fusa bondelag vil ikkje ha einebustader i Strandvik”. Han meiner tittelen er svært misvisande og skriv at det bondelaget meiner, er at ”det ikkje må byggjast einebustader på dyrka mark i Strandvik sentrum”.

Her tolka me uttalen frå bondelaget annleis. I uttalen står det med utheva skrift at ”Bygging må gjerast på anna areal enn dyrka mark”. I neste setning står det: ”For å få til å bevara mest mogleg av den dyrka jorda i Strandvik må utbygging skje ved å byggja tett og i høgda. Enkeltbustader må ikkje tillatast”. Gitt den utheva fyrste setninga tolka me andre setninga og poenget med nei til enkeltbustader, også til å gjelda utforbi dyrka mark, altså i resten av Strandvik sentrum. Me skulle ha presisert at det gjeld Strandvik sentrum (ikkje nytta daglegtalen) i tittelen, men meiner formuleringane i uttalen elles opna for ei slik tolking.

Jamvel om me er usamde med leiaren i bygdautvalet i saka om fargeval, tek me innspelet om at me ikkje skal ta etter «tabloidpressa med for mange tynne artiklar i eit forsøk på å generera raske klikk», og me skal sjølvsagt ha dekning for det me skriv - også i titlane. Samstundes er det ei ønskt utvikling i Os & Fusaposten å bli meir direkte i kritiske saker og også spissa og prioritera i ”mindre farlege” saker for å bidra til å auka det viktige lokale engasjementet i sakene - og få fleire til å lesa sakene.

Jostein Halland

Redaktør