Stein Gjøsund får halda fram som brannsjef til ny brannsjef for Bjørnafjorden kommune er tilsett.
Stein Gjøsund får halda fram som brannsjef til ny brannsjef for Bjørnafjorden kommune er tilsett.

Os kommune trekkjer tilbake oppseiinga av brannsjef Stein Gjøsund

Stein Gjøsund vil halda fram som brannsjef i Os til ny brannsjef for Bjørnafjorden kommune er tilsett.

– Stein Gjøsund har etter snart 15 år som brannsjef i Os bestemt seg for at han ikkje vil søkja stillinga som brannsjef i Bjørnafjorden kommune. Os kommune har trekt tilbake oppseiinga, og Gjøsund held fram som brannsjef i Os fram til brannsjefen for Bjørnafjorden kommune er tilsett.

Partane har utover dette ingen ytterlegare kommentarar, seier rådmann Christian Fotland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare fortel Fotland at brannsjefstillinga i Bjørnafjorden kommune vil bli lyst ut med det første.

– Vi har eit mål om å ha ny brannsjef på plass tidleg på hausten i år, seier han.