Nils T. Bjørke og Kjersti Toppe er klare for tinget.
Nils T. Bjørke og Kjersti Toppe er klare for tinget.

Os Senterparti takkar for «2 på tinget»!

Os Senterparti takkar alle veljarane som gav stemma si til Senterpartiet ved Stortingsvalet!

Hordaland Senterparti hadde som slagord for dette valet «To på tinget». Det såg først ut som at vi måtte vera særs godt nøgde med eit svært godt valresultat, ca 800 personar gav stemma si til Senterpartiet i Os kommune, og ein representant var sikra: Kjersti Toppe, Bergen.

Så kom «Morgongåva» med eit ekstra utjamningsmandat til vossingen Nils T. Bjørke! Då stod jubelen i taket og målet var nådd. Dette har vi kjempa hardt for!

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vart ikkje ny regjering, men vi i Senterpartiet er svært glade for tida og Senterpartiet vil føra sin eigen politikk i opposisjon på Stortinget.

Igjen, tusen takk, osingar som nytta Senterpartiet sin røystesetel.

Tusen takk til alle frå Os Senterparti som på ein eller annan måte gjorde sin jobb i valkampen.

Eivind Moberg

Os Senterparti