Politiet i Os måtte rykka ut til eit trafikkuhell på Osøyro måndag ettermiddag. (Arkivfoto)
Politiet i Os måtte rykka ut til eit trafikkuhell på Osøyro måndag ettermiddag. (Arkivfoto)

Påkøyrsel i gangfelt

Måndag ettermiddag vart ein rullestolbrukar påkøyrt i eit gangfelt på Osøyro.

Personen som sat i rullestolen vart ikkje skadd i uhellet, men kvinna som køyrte bilen vart fråteken sertifikatet.

– Årsaka til uhellet var at sjåføren var uoppmerksam, opplyser politioverbetjent ved Os lensmanskontor, Audun Hadler-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hendinga fann stad i gangfeltet mellom Esso-stasjonen og taxiholdeplassen på Osøyro litt før klokka tre måndag ettermiddag.

– Det er oppretta ei sak på forholdet. Sjåføren er meldt for brot på Vegtrafikklovens paragraf 3, fortel Hadler-Olsen.

Politioverbetjenten fortel elles at det har vore ei stille og roleg natt i Os. Det same gjeld Fusa, ifølgje politioverbetjent Ove Ivarhus.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no