Det er funne plast i eit parti av BigOne-pizza.
Det er funne plast i eit parti av BigOne-pizza.

Pizza med plast blir kalla tilbake

Eit parti av pizzaen Big One Classic blir kalla tilbake frå butikkane etter at det vart oppdaga restar av blå mjukplast i pizzaen.

Feilen i produksjonen vart oppdaga tidleg, og det er derfor eit lite parti av pizzaen som har funne vegen til frysediskane i butikkane.

Tilbakekallinga gjeld berre pizzatypen Big One Classic, og gjeld pizzaer merka «Best før 01.06.2020», «Best før 02.06.2020» og «Best før 23.06.2020». Produkt med alle andre Best før-datoar, kan bli etne som vanleg, opplyser Orkla Foods.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette kjem dessverre av ein feil i produksjonen, og er sjølvsagt noko som ikkje skal skje. Vi ser på at dette ikkje utgjer ein helserisiko, men produkta våre skal ikkje innehalde plast, og vi kallar derfor partiet tilbake med ein gong, seier administrerande direktør Paul Jordahl i Orkla Foods Noreg i ei pressemelding.

Forbrukarar som har kjøpt pizzaene med dei aktuelle datoane, blir bedne om å kaste produkta. Tar ein vare på emballasjen og kontaktar Orklas forbrukarservice, kan ein få erstatta vara.