50 nye husvære like i bykjernen på toppen av eit p-hus kan bli resultatet dersom byggjetrinn tre blir gjennomført.
50 nye husvære like i bykjernen på toppen av eit p-hus kan bli resultatet dersom byggjetrinn tre blir gjennomført.

Planlegg fem etasjar kombinert bustadblokk og p-hus

340 bilar og 80 bustader kan få plass i det nye bygget. Sjå teikningane.

Den utfordrande parkeringssituasjonen på Osøyro har utløyst behov for parkeringshus, og kommunen har sikra seg tomteareal kring brannstasjonen og Circle K til føremålet. No har plankonsulent Sweco kome med sitt framlegg. Dei har delt prosjektet i tre fasar, der kapasiteten på det meste vil vera 340 bilar, og dessutan 80 bustader i det til saman fem etasjar høge bygget.

Dei tre fasane

* Første byggjetrinn medfører riving av den gamle brannstasjonen og bensinstasjonen. Det vil bli lagt til rette for 190 parkeringsplassar i tre parkeringsplan, inkludert ein underetasje. P-huset vil få innkøyring via rundkøyringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Byggjetrinn to føreset kjøp av to nabotomter (gnr. 52/ bnr. 88 og ein mindre del av gnr. 52 bnr. 296). Då blir anlegget utvida i retning rundkøyringa, og anlegget får 150 p-plassar ekstra.

* I byggjetrinn tre kjem bustader og kontor. Det kan rundt rekna bli om lag 50 bustader, medan talet p-plassar blir redusert til 240. Det er tenkt meir oppløyste bygningsvolum på begge sider av ei gate nord-syd mellom rundkøyringa i sør og Stegen i nord. Reguleringsplanen legg opp til at etasje 3 over tid vil endre seg frå parkering til salsrelatert næringslokale, etasje 4 til servicenæring og dei 2 øvste etasjane til bustadføremål.

* Det er også teikna inn ei gangbru over Byvegen, og den kan byggjast i alle byggjetrinn.

Sett frå gateplan.
Sett frå gateplan.
Sli kan det nærast føreståande p-huset bli sjåande ut.
Sli kan det nærast føreståande p-huset bli sjåande ut.
P-kapasiteten aukar då til 340 bilar.
P-kapasiteten aukar då til 340 bilar.
Bustader på toppen.
Bustader på toppen.

Nytt, komplett sentrumsområde

Plankonsulentane er tydelege på at mykje kan endra seg undervegs, og det er ikkje sikkert at alle byggjetrinna vil bli gjennomførte. Politikarane har bestilt fleksible løysingar, med moglegheit for utviding i fjell på lengre sikt. Nokon fjellhall inngår ikkje i Sweco sitt planforslag, men dei tek høgd for endra bruk av sjølve bygget som følgje av uvissa.

«Det er uvisst når etasjar over parkeringsanlegget blir realiserte. Når dette skjer vil/kan det øvre parkeringsdekket bli omgjort til anna føremål, primært sals- og serviceføremål», heiter det. Vidare er prosjektet tilpassa fleksible løysingar. Sweco understrekar at dersom byggjetrinn tre blir gjennomført, vil dette bli eit heilt nytt sentrumskvartal.

– Ved fullført utbygging av etasjane over parkeringsanlegget vil kvartalet stå fram som eit nytt komplett sentrumsområde med ei nord-sydgåande gate mellom rundkøyringa og Stegen, skriv dei.

Pga. mykje trafikkstøy for dei mest utsette husværa (opp mot 68 db) tilrår Sweco innglasa balkongar, og at soverom blir plasserte vekk frå vegen.

Første trinn ferdig i 2019?

I rådmannens økonomiplan er det i første omgang sett av 63 mill. kroner til parkeringsanlegget, og det er venta at første byggjetrinn kan vera ferdig i 2019.

Artikkelen held fram under annonsen.

ol@osogfusa.no