Politiet blei måndag forsøkt lurt av nokon som utgav seg for å vera frå Microsoft.
Politiet blei måndag forsøkt lurt av nokon som utgav seg for å vera frå Microsoft.

Politiet forsøkt lurt

I samband med leiteaksjonen etter ein 29 år gamal mann frå Os, oppretta politiet ein tipstelefon. På den ringde det ein mann som utgav seg for å vera frå Microsoft.

– Han snakka dårleg engelsk, med indisk aksent. Eg høyrde sjølv litt av samtalen, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite og held fram:

– Dei fortel at det har vore utfordringar eller problem med datamaskina di, og at dei ønskjer å guida deg gjennom problema. Slik får dei tilgang til brukarnamn og passord, og så å tappa kontoen din.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ringde frå norsk nummer

Fimreite seier vidare at Microsoft ikkje tek kontakt med deg om du har problem med datamaskina.

– Dette har vore eit problem gjennom mane år. Det er berre lureri og det fører berre til eit økonomisk tap om ein gjer som dei seier.

Svindlarane ringde politiet frå eit norsk nummer.

– Det stod fram som at dei ringde frå eit norsk nummer. Eit nummer som starta på 924. Det kan verka som at dei kan få det til å sjå ut som at dei ringjer frå kva for nummer som helst, seier Fimreite.