(
(

Politiet måtte avbryta jakta på ein MC i Hegglandsdalen

– Vi må avbryta utrykkinga om det ikkje er forsvarleg og mogleg å køyra etter, seier politioverbetjent, Anne Lyssand.

Midt på dagen søndag blei folk i Hegglandsdalen vitne til at politiet jakta på ein MC-førar som køyrde i ekstremt høg fart innover i retning Samnanger. Politiet følgde ikkje langt bak.

– Vi har fått tak i registreringsnummeret. Vi måtte avbryta utrykkinga då vi ikkje kan køyra etter om det ikkje er moglegheiter for det. Det er her snakk om ein utanlandsk registrert sykkel. Det blei observert to andre utanlandske syklar som blei sjekka ut då ein tenkte at kanskje desse køyrde saman, men det viste seg å ikkje stemma, fortel Lyssand.