annonse

Rodde frå Øyane til Os som oppvarming

: Jostein Røttingen rodde frå Øyane til Os i dag. Sjølv med nesten to timar med roing bak seg alt før tevlinga tok til, rodde han og kona Karin inn til ein solid andreplass.

Jostein Røttingen tok sjøvegen til Os og Oselvarfestivalen i dag. Det tok han ein time og 55 minutt.

Benjamin Søgnen Olsen

- Var dette ei optimal opplading til konkurransen?

- Eg tek ikkje tevlinga så høgtidleg. Det var fint å ro i dag, sjølv om eg blei litt våt undervegs, seier Røttingen, og legg til:

- Eg gjorde det same i fjor også!

Imponert speaker

Kapproing var som vanleg ein sentral del av Oselvarfestivalen. Røttingen hadde med seg kona, Karin, i sin oselvar. Dei to rodde inn til andreplass med tida tre minutt og 27 sekund. Det var ti sekund bak årets vinnarar, Øyvind og Jonas Sundfjord. På tredjeplass hamna Bendik og Mathias Sundfjord.

Andre båtar i konkurransen: Jada, Solsiden, Os Turn, Bjørnevik båt, John Lepsøy, Tove Hille og Vigdis Strønen.

Speaker, Rune Søvik, var godt nøgd med talet deltakarar i tevlinga.

- Vi er nøgde med talet roarar. Det er ikkje så veldig mange publikumarar her i dag, men det er bra oppmøte med tanke på vêret, seier Søvik, som blei imponert av fleire, og særskilt vinnarane.

- Dei hadde god rytme og bra fart heile vegen. Det skal seiast at dei hadde ein båt som glir godt i vatnet. Det blir vel aldri ein rettferdig konkurranse før alle har lik båt, men det er ikkje så nøye i denne konkurransen, seier han og smilar.

Fann at barnet i seg

Oselvarverkstaden var ope for publikum. Det var også Oselvarnaustet, der mellom anna to tatovørar tatoverte så blekket spruta (sjå eiga sak). Mellom verkstaden og naustet kunne born og vaksne byggja leikebåtar, noko som også var populært.

Dagleg leiar i Oselvarverkstaden følgde ivrig med på dei unge båtbyggjarane.

- Det er mange born her, men også vaksne som finn att barnet i seg, seier ho og smiler.

Os Mannskor stilte med song under den offisielle opninga, og publikum fekk også sjå dødsing frå andreetasje i Oselvarverkstaden. Musikkinnslag frå Kurt Røttingen, Leif Østrem og Steinar Lyssand var også på programmet.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut