Det var full trøkk på Nore Neset idrettsplass då NF Academy hadde talenttrening på Nore Neset idrettsplass siste helga før jul.
Det var full trøkk på Nore Neset idrettsplass då NF Academy hadde talenttrening på Nore Neset idrettsplass siste helga før jul.

Samlar talent frå heile Vestlandet med topptrenarar frå Portugal

NF Academy West har arrangert fleire treningssamlingar på Nore Neset idrettsplass denne hausten. Første helga i januar er det klart for ein ny.

NF Academy er ein organisasjon som har spesialisert seg på å arrangera treningsseminar i lag med ulike idrettslag rundt om i Noreg, Sverige og Danmark. Føremålet er å bidra til å utvikla nye, gode, internasjonale toppspelarar i Skandinavia.

Koordinator for opplegget på Nore Neset er Morten Døsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg vart kontakta av NF Academy West i vår og vart imponert over opplegget dei skisserte. No har me hatt fleire samlingar på Nore Neset idrettsplass, og samarbeidet held fram inn i 2019, seier Døsen.

Seks osingar

Til no har anlegget på Nore Neset vore møteplass for NF Academy sine arrangement fem gonger. Ein gong har dei hatt fotballweekend, og fire gonger har det vore såkalla teamtrening.

– Teamtreninga er for spelarar fødd i 2004, 2005, 2006, 2007, 2008 og 2009. Her får kvar enkelt spelar høve til å spela i lag med jamngamle frå heile Vestlandet, fortel Døsen.

Frank Haugland frå Søre Neset (i bakgrunnen) er ein av dei som bidrog på samlinga på Nore Neset før jul.
Frank Haugland frå Søre Neset (i bakgrunnen) er ein av dei som bidrog på samlinga på Nore Neset før jul.
NF Academy er ein organisasjon som har spesialisert seg på å arrangera treningsseminar i lag med ulike idrettslag rundt om i Noreg, Sverige og Danmark.
NF Academy er ein organisasjon som har spesialisert seg på å arrangera treningsseminar i lag med ulike idrettslag rundt om i Noreg, Sverige og Danmark.
Ricardo Damas er blant trenarane i NF Academy West.
Ricardo Damas er blant trenarane i NF Academy West.
Morten Døsen som er ein av trenarane til Nore Neset/Os jenter 17, har vore sentral i arbeidet med å få NF Academy West til Nore Neset.
Morten Døsen som er ein av trenarane til Nore Neset/Os jenter 17, har vore sentral i arbeidet med å få NF Academy West til Nore Neset.

På siste treningssamlinga like før jul var kring 50 spelarar med på opplegget. Seks av desse var osingar.

– Me hadde Sebastian Tysse Plätzer i klasse 2005, Aleksander Smegård i 2006-klassen, Lucas Eide Døsen i klassen for 2007 og William Haugland, Aksel Døsen og Noah Solbakken Hansen i 2008-klassen, fortel Døsen.

– Ingen jenter frå Os?

– Nei, det har det vore dårleg med. NF Acadamy West har lyst til å laga ein eigen treningscamp for jenter i 2019. Eg håpar jentespelarar frå Os ser seg freista til å hiva seg på her.

Møteplass for heile Vestlandet

Morten Døsen er imponert over opplegget som spelarutviklings-teamet har presentert denne hausten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– NF Academy West har utruleg gode instruktørar. Samtlege er frå Portugal og dei har erfaring frå utviklingsarbeid i klubbar som Sporting Lisboa, Benfica, Porto og andre storklubbar. Det som har imponert meg mest er kor flinke dei er til å følgja opp enkeltspelarane til ei kvar tid. På siste samlinga på Nore Neset hadde dei også sett av reine spelarmøte, der dei prata med kvar enkelt spelar om kva dei er flinke på og kva dei må jobba med for å utvikla seg ytterlegare, fortel Døsen.

NF Acadamy West er også nøgd med å få ha samlingane sine på Nore Neset idrettsplass.

– Samarbeidet med klubben vår held fram i 2019. Totalt har me sett av 8-10 helgar for NF Academy utover neste år, fortel Døsen.

Fleire av dei som kjem på campane, kjem langvegsfrå.

– Sist hadde tidlegare Aalesund-, Lillestrøm- og Fulham-proff, Bjørn Helge Riise, sine to søner på samlinga på Nore Neset. Dei er busette i Ålesund, men valde likevel å reisa heilt hit for å delta på denne campen. Det seier litt, seier Døsen.

– Men det kostar nokre kroner å vera med?

– Det gjer det. Alt kostar penger i dag. Men for dei som vil satsa litt ekstra, meiner eg ein får mykje for pengane med dette opplegget. Eg er i alle høve imponert, og glad for at me har tilrettelagt for slike gode treningsarenaer her i vårt nærområde, slår Døsen fast.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no