Avgjerda om at matjorda på Hjelle skal bort til fordel for skulebygging fall ikkje i god jord hjå alle.
Avgjerda om at matjorda på Hjelle skal bort til fordel for skulebygging fall ikkje i god jord hjå alle.

Skandale å ta 30 mål matjord til skule

LESARBREV: At Os kommune no vil byggja ned over 30 mål fulldyrka matjord er rett og slett ein skandale, skriv Marit Sæbø.

Eg brukar å seie at dei to viktigaste yrka, uansett kor i verda ein bur, er bonde og lærar. Mat og kunnskap er dei to tinga som får samfunnet til å fungera. Manglar ein av dei, så døyr me. Her i landet har me levd i fred så lenge at me innbiller oss at me for all framtid skal kunna gå i butikken og kjøpa den maten me treng. Så naive har me ikkje lov til å vera, verken med tanke på oss sjølve, eller born og barneborn. Eg kan forsikra om at med to, eventuelt tre, dagar utan vareleveransar til matbutikkane, så er dei tomme. Ved større kriser, og dei kjem, ver du sikker, svelt me langsamt i hel viss det ikkje er matjord i nærmiljøet der ein kan dyrka mat, anten det no er poteter, korn eller grønsaker.

Vern om matjorda!

Staten sine kornlager, med tanke på krisetider, er lagt ned, så me må alle tenkja konstruktivt om korleis me skal greia oss, kvar kommune for seg når krise oppstår.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er difor vern av matjord er så viktig. Eg har ikkje heilt greidd å finna ut kva som eigentleg skjedde då det vart bestemt at Os sin nye skule aust om elvo skal liggja på bøen i krysset mellom Hegglandsdalsvegen og Borgavegen, men slik det er blitt meg fortalt var det eit adhocutval beståande av tre personar frå den kommunale administrasjonen som på eiga hand fekk bestemma dette. Over hovudet på politikarar og faginstansar. Dei tre er heilt sikkert dyktige innanfor sine fagfelt, men landbruk, jordvern, sikkerheitstankegang og sårbarheit i vanskelege tider har dei i alle fall ikkje peiling på.

At dei no vil byggja ned over 30 mål fulldyrka matjord er rett og slett ein skandale! Nei, det er ikkje eit stykke «beite» slik det vart hevda. Det er tretti mål fulldyrka matjord! At det i fredstid kanskje går dyr på beite endrar ikkje ein millimeter på dette, og seier berre ganske mykje om kunnskapen, eller mangelen på sådan, til den som uttalte seg.

Elevane kan gå

Kommunen har allereie ei skuletomt litt lenger inne i Hegglandsdalen. Eg køyrde gjennom dalen nyleg og målte meg fram til at det er ca. 900 meter frå den skuletomta og ut til «tomta» ved Borgavegen. Og på heile strekket er det allereie opparbeidd gang- og sykkelveg. Tar ein eit gjennomsnitt av elevar ved Søre Neset skule, må desse gå ca. 2.500 meter for å koma på skulen. Det kan då ikkje stå så ille til med ungane aust om elva at dei ikkje greier å same strekket i verste fall. Dessutan kjem det stadig fleire nye hus og ungar vidare innover i Hegglandsdalen. Skal desse bussast til skulen dei då?

Uansett korleis ein ser det så vert det heilt feil å ta garden frå unge folk som nettopp har tatt over bruket og vil driva til beste for oss alle. Heilt personleg er eg glad for at eg ikkje har born eller barneborn som skal leva i ein kommune der ein totalt manglar tanke for at framtida kan sjå heilt annleis ut. Rett ut sagt så er eg steik forbanna, men ein får prøva å nå fram med fakta.

Marit Sæbø, Bjørnen.