Ein bussjåfør måtte få hjelp frå politi og helsevesen for å få liv i ein passasjer som hadde sovna.
Ein bussjåfør måtte få hjelp frå politi og helsevesen for å få liv i ein passasjer som hadde sovna.

Sleit med å få liv i busspassasjer

Politiet i Os vart tilkalt då ein bussjåfør ikkje klarte å vekka ein passasjer i 20-åra.

Helsepersonell kom òg til staden for å sjekka tilstanden til mannen. Hendinga fann stad i halv ni-tida måndag kveld.

– Mannen vakna etter kvart. Han hadde med seg nokre tablettar som vart inndregne. Personen vart meldt for forholdet, og køyrt heim, opplyser politioverbetjent Audun-Hadler Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seinare på kvelden, i halv tolv-tida, vart ein 18 år gamal mann mål til 105 kilometer i timen i 80-sona på Ulven. Målinga var ei snittmåling.

– 18-åringen fekk eit førelegg på 6.200 kroner og seks prikkar. Ettersom hendinga fann stad innafor prøveperioden på to år, vert talet på prikkar dobla, fortel Hadler-Olsen.

Politiet i Os bistod også kollegaene i Fana måndag. Då fekk politiet melding om ein bilførar som var på veg over Fanafjellet til Os. Køyringa hans vart oppfatta som mistenkjeleg.

– Bilen vart stogga i Ulvenområdet. Det er ikkje mistanke om alkohol, men mannen vart teken med til legevakt for blodprøve. Det er mogleg at han var påverka av andre rusmiddel, seier Hadler-Olsen og legg til:

– Førarkortet hans er mellombels inndrege.

I Fusa har det vore stille og roleg det siste døgeret. Det har heller ikkje vore meldt om hendingar i Os i natt, og i morgontimane tysdag.

camilla.kvamme@osogfusa.no