På kaien kan ein i framtida ikkje stå lenger enn i to timar før «taksameteret» tek til å tikka.
På kaien kan ein i framtida ikkje stå lenger enn i to timar før «taksameteret» tek til å tikka.

Slik blir det nye parkeringsregimet på Osøyro

Politikarane har bestemt seg: Her blir det betalt parkering og nye p-soner på Osøyro.

I dag fatta eit samrøystes formannskap vedtak knytt til parkering i sentrum. Os og Fusapostenskildra det nye parkeringsregimet i juni, som kort oppsummert går ut på å ta betalt etter to timar i Os sentrum, men å avskaffa bøtene. I randsonene (sjå blåe felt på kartet) vert det 9-timars-parkering for dei som jobbar i sentrum.

Hastar å få på plass

Daniel Skotheim, adm. leiar for parkeringsutvalet la fram det nye systemet for politikarane, i tillegg til planar for nytt parkeringshus.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har litt meir hastverk knytt til gateparkeringa enn til p-huset. Der kan me ta oss litt meir tid, men det nye p-systemet vil me ha på plass som snart råd er, sa Skotheim.

Årsaka er at det i sentrum i dag er utydeleg kor ein kan parkera, og enkelte parkerer for lenge på felt som er meint for korttidsparkering.

Etter at dagens vedtak er fatta, vil administrasjonen går i gang med å utarbeida eit anbod der ulike leverandørar kan koma med dei tekniske løysingane.

Slik blir det nye parkeringsregimet på Osøyro.
Slik blir det nye parkeringsregimet på Osøyro.

Vil registrera bilskilt

Kamera vil lesa av bilskilta på køyretøya som reiser inn i sentrumskjernen, og eit datasystem vil syta for at «taksameteret» tek til å ta betalt etter to timar.

– Då kan ein enten registrera seg via nettet eller ein app, eller få faktura i posten, sa Skotheim.

– Då er det svært viktig at det ikkje kostar meir å få rekninga i posten enn det kostar for dei som betaler på nett. Det er jo ikkje alle som har den teknologien, sa Jonn Garvik (Frp).

Kamera vil bli sett opp ved Os kyrkje, Midtpunktbygget, ved innkøyrsla til rådhuset (frå rundkøyringa), ved Brugata og ved kaifronten.

Sonene og kostnaden

Dei nye sonene er fordelt slik at det vert råd å parkera i 2 timar dei fleste stadene i sentrumskjernen, blant anna ved Kyrkjetunet, framføre Coop Prix og ved rådhuset. Kaifronten blir endra frå 8-timars-sone til 2 timarssone. og parkeringa ved Oseana får også to timar gratis før det tek til å kosta pengar. – Avgifta skal vera veldig billig først og deretter blir progressivt dyrare, slik at ingen treng å ha parkometerangst lenger. Det vil gje god rullering i parkeringa på Osøyro, sa ordførar Marie Bruarøy, som også er leiar i parkeringsutvalet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skotheim antyda at det kanskje kan kosta som i Arendal – 14 kroner – den første timen.

I tillegg blir det ekspressparkering på 10 minutt på austsida av Landboden og på nordsida av rådhuset. Sjølv om det skal vera ei grense på 10 minutt, vil det ikkje kosta pengar før det har gått to timar.

– Korleis greier systemet å vita om du har stått på ekspressparkerings-sone eller på totimarssone, spurde Jon Sivert Rykkel (V).

– Det blir opp til leverandøren å finna gode tekniske løysingar på korleis ein skal handheva det, sa Skotheim.

Kva med nye Oshallen?

Politikarane hadde ingenting negativt å seia om framlegget frå parkeringsutvalet, og Jon Sivert Rykkel skrytte til og med av det. Det einaste han lurte på var om det nye p-anlegget på Kuventræ skulle takast med i same slengen. Eirik André Hesthammar (Frp) la til at det ikkje var uproblematisk å ta betalt for dei som skal parkera ved Oshallen for å driva med idrett på frivillig basis. Dei andre politikarane meinte at dersom administrasjonen fann det for godt å involvera Oshallen/Osbadet i opplegget, stod dei fritt til det, men at P-utvalet sitt mandat først og fremst gjaldt Osøyro.

Vedtaket

Deretter gjekk saka til votering. Eit samrøystes utval vedtok følgjande:

Utvalet legg fram følgjande forslag til vedtak: Parkeringsregime for gateparkering i Os sentrum vert avgrensa til ei sone: generell parkering med gratis 2 timar, deretter betaling per påløpte time. Progressiv takst der første time med betaling er rimelegast. På nokre markerte plassar vil det vera ekspressparkering, der ein berre kan stå i inntil 10 minutt.

• Området utanfor Oseana får òg 2 timar gratis, deretter progressiv takst.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Området ved Os hamn/Esso får òg 2 timar gratis, deretter progressiv takst.

• Området ved Vognhallen får 9 timar gratis, deretter progressiv takst.

• Området ved Ungdomsskulen sin gymsal, Kløvertun, fjellheim og Giskavollen får 9 timar gratis, deretter progressiv takst.

For el-køyretøy som kan nytta ladestasjonar, vil same regime gjelda – men straum vil i praksis vera gratis. Soner og tider kan endrast over tid og ved røynsle. Evaluering og endring av sonar og tider delegerast til Rådmannen.

Registrering av køyretøy inn og ut av arealet skal føregå ved nummerlesing, og all betaling skjer via nett, applikasjon på mobil/nettbrett eller ved faktura til eigaren av registrert køyretøy (jf. Dei nye parkeringsforskriftene). Parkeringsløysinga må kunna skilja på betalande køyretøy, og køyretøy med fritak (t.d. bebuarar eller næringsdrivande med private parkeringsareal).

Heile sentrumsområdet – (ref. vedlagt kart B avgrensa med gul stipla linje for inn og utfartsveg) får nemninga «shared space», der det innanfor markerte område kan parkerast, men mengd skilt minimerast. Staten sin Vegvesen definerer «shared space» som ein metode å planleggja trafikkareal på, der alle trafikantgrupper vert integrert og ivaretakast på same areal. Utforming etter Shared space prinsippet eignar seg i ein by eller ein tettstad der det er mange mjuke trafikantar, og stikkord for planlegging av arealet er låg fart og augnekontakt. Maxhastighet for køyrande; 20 km/t. Vedlegg Kart B syner også gateparkering i praksis delt i ekspressmarkering (maks 10 min) Parkeringsløsninga for gateparkering, både handheving og betaling, skal setjast ut på anbod.

ol@osogfusa.no