Det er ti år sidan Rema 1000 Kuven opna dørene. Ingunn og Trond Hope sparte ikkje på noko då dei feira fredag.
Det er ti år sidan Rema 1000 Kuven opna dørene. Ingunn og Trond Hope sparte ikkje på noko då dei feira fredag.

Slo på stortromma på bursdagen

Rema 1000 Kuven feira ti år fredag og sparte ikkje på krutet.

– Vi må laga litt hurlumhei på 10-årsdagen, seier Ingunn Hope og smiler.

Det var folksamt på butikken fredag ettermiddag, og knapt ein ledig parkeringsplass å spora. Rett utanfor inngangen stod dei velkjende artistane i Stavangerkameratene og signerte autografar og stilte opp på bilete.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då me fekk høve til å få Stavangerkameratene her på 10-årsdagen, var det ei moglegheit vi ikkje kunne takka nei til, seier kjøpmann Trond Hope.

Utanfor blei det også laga grillmat, og inne var representantar frå Os Fotball og Hagavik Hjemmebakeri på plass for å lansera Os Fotball-brødet. Tesla hadde også stand utanfor med utstilling av bilar.

– Det er mykje som skjer i dag. Slik må det vera på jubileet, seier Trond og smiler.

Stavangerkameratene var på plass på Rema 1000 Kuven for å treffa fans før dei skulle opptre på Osfest seinare fredag.
Stavangerkameratene var på plass på Rema 1000 Kuven for å treffa fans før dei skulle opptre på Osfest seinare fredag.

Stor auke i omsetnad

– Har du smakt på Os Fotball-brødet?

– Nei, eg har ikkje det. Vi fekk nokre smaksprøvar, men dei gjekk til nokre av dei tilsette. Tilbakemeldingane er gode, og vi har tru på at det kjem til å selja godt. Det vil skapa inntekt til Os og aldersbestemte lag. Det er kjempekjekt, seier Hope.

Tidlegare hadde Trond og Ingunn Hope to Rema-butikkar i Os, men i vår blei Rema 1000 Idrettsvegen lagt ned. Der skal det med tida koma ein ny Kiwi-butikk.

– Korleis har det gått med Rema 1000 Kuven etter at denandre butikken stengde dørene?

– Det har gått forbausande bra her, men vi saknar sjølvsagt den andre butikken. Vi skulle gjerne framleis hatt to, men det kan vi ikkje dvela med. Mange av kundane har funne vegen frå Rema Idrettsvegen til Rema Kuven. Salet har verkeleg auka her. Enkelte veker før ferien, hadde vi betre omsetnad på denne butikken enn vi hadde i begge butikkane til saman før den andre forsvann.

Artikkelen held fram under annonsen.

Enn så lenge hjelper Ingunn til på Rema 1000, men forhåpentlegvis går det ikkje alt for lang tid før ho blir kjøpmann for ein ny Rema-butikk i Os.

– Det kjem ein nyRema-butikk i Kolskogen. Vi har også kjøpt tomt på Moberg, men det er meir usikkert kva tid det kan skje noko der, seier Hope.