Diskoteka som ungdomslaget arrangerar i Ungdomshuset er svært populære blant ungane på Søfteland skule.
Diskoteka som ungdomslaget arrangerar i Ungdomshuset er svært populære blant ungane på Søfteland skule.

Søfteland Ungdomslag vann 25.000

Søfteland Ungdomslag(SUL) fekk flest stemmer i BKK sin Sosial energi-konkurranse. Dei får no 25.000 til ferdigstilling av kinorom i ungdomshuset.

- Pengebeløpet er stort for oss i Søfteland Ungdomslag! Dette gjev oss moglegheita til å halda fram med vår satsing på gode aktiviteter for store og små i heimbygda vår, seier Karl Henrik Gading.

Han og Bjarte Eriksen blei tipsa om BKK sin Sosial Energi konkurranse. Saman beslutta dei seg for å senda inn ein søknad til BKK sin Sosial Energi-konkurranse på vegne av ungdomslaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

- At vi skulle gå hen og vinna heile tevlinga, var ei stor overrasking. Vi er veldig takksame for alle som har stemt på oss dei sista par vekene, seier han.

Pengane vil mellom anna gå til skifting av vindauge i kinorommet.

post@osogfusa.no