Hauglandmuseene).
Hauglandmuseene).

Splintar i Os Senioruniversitet

Kvar sommar til langt ut på 1960-talet kom det splintar til Os-bygda. Oftast sjøvegen. Dei reisande gjekk frå hus til hus, kakka på dører og falbaud ting og tang. Vi som var ungar den gongen, oppfatta dei reisande som eksotiske og forlokkande. Men vi høyrde at somme vaksne såg på dei med skepsis og mistru.

Den mest kjende splinten på våre kantar var den fargerike og munnrappe Zander. Han la gjerne til med «Løvebåten» i ei stø i Halhjems- eller Hauglandsosen. Zander’en var ein skarp sjøfugl-jeger og livnærde seg elles av å handla med border, knappar og klokker. Det var elles vanlig at dei reisande selde auser, trakter, vispar, kjelar, rottefeller, bøtter og spann. Eller dei tok på seg blekkslageroppdrag eller dreiv skraphandel. Kvinnene baud fram broderi og anna handarbeid.

Vonde minne

Det farande folket her til lands har historie tilbake til 1500-talet. Det norske samfunnet har gjort dei mykje urett. Kvinner og menn vart tvangssendte til arbeidsleirar. Dei fekk forbod mot å bruka hestar. Det vart nytta lobotomering. Kvinner vart steriliserte. Born vart tatt frå foreldra og plasserte i barneheimar. Bak dette sto «Foreningen til modarbeidelse av omstreifervæsenet» - seinare kalla «Norsk misjon blant hjemløse» - som sokneprest Jakob Walnum i Bergen tok initiativet til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den første barneheimen som Jakob Walnum fekk bygd, var Askviknes barnehjem i Os; institusjonen vart offisielt opna i 1900. Det finst vitnesbyrd om at somme barneheimsbarn frå Askviknes har greidd seg seinare i livet. Men det er mange triste menneskelagnader knytt til denne barneheimen. Ein av dei som har fortald om vonde opplevingar er den namngjetne songaren og fakiren El Jucan som døydde i 1998. Askviknes barnhehjem vart lagd ned i 1953.

Historia

Førstkomande måndag vil konservator Grethe Paulsen Vie forelesa i Os Senioruniversitet om historie til dei reisande, og særleg ta for seg livet til båtsplintane på Vestlandet. Ho vil også fortelja om livet ved Askviknes barnehjem.

Grethe Paulsen Vie er konservator i Haugalandmuseene. Ho er utdanna etnolog frå Universitetet i Bergen. Vie har i mange år dokumentert historia til romanifolket som reiste sjøvegen. Haugalandmuseene har opparbeidd eit rikt arkiv med bilete, intervju og forteljingar om livet til dei båtreisande i tidsperioden 1900-1980. Grethe Paulsen Vie var sentral i arbeidet med vandreutstillinga «Båtreisende på Vestlandet» som Haugalandmuseene sto bak for nokre år sidan.

Sjå annonse i avisa på fredag.

Kjell Harald Lunde

Os Senioruniversitet