I Eikelandsosen søndag oppstod det diskusjon mellom to partar. Det heile eskalerte då ein tredjemann melde seg på.
I Eikelandsosen søndag oppstod det diskusjon mellom to partar. Det heile eskalerte då ein tredjemann melde seg på.

Stein-krangel skal ha enda med basketak

Ei levering av stein i Fusa søndag, gjekk ikkje heilt som planlagt.

I Eikelandsosen søndag oppstod det diskusjon mellom to partar. Det heile eskalerte då ein tredjemann melde seg på.

– Det blei diskusjon om ei levering av stein. Kjøparen likte ikkje kvaliteten, og seljaren starta å ta tilbake steinen. Det resulterte i at ein tredjemann kom til staden og blanda seg i diskusjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje politiet skal det etter dette ha kome til eit basketak. – Tredjeparten er meldt for forholdet, fortel vakthavande politibetjent i Fusa.

Køyrde i autovernet

Søndag morgon blei det meldt til politiet at det hadde vore ei trafikkulukke ved Skogseid. Meldar fortalde også at førar av bilen som hadde krasja, var rusa.

– Vi kom til staden. Bilførar hadde køyrd ut i ein sving og treft autovernet. Den unge mannen blei teken med til legevakta for sjekk. Det viste seg at han hadde ein promille på 1,5. Førarkortet blei tatt på staden, og han må mest sannsynleg klara seg utan lappen i ein lengre periode, fortel vakthavande politibetjent.