- Osrosemålinga er så flott og så viktig å halda i hevd. Difor er det så viktig at vi kan tenkja nytt rundt gamle tradisjonar, slik at vi kan halda dei levande, seier Laila Marie Reiertsen.
- Osrosemålinga er så flott og så viktig å halda i hevd. Difor er det så viktig at vi kan tenkja nytt rundt gamle tradisjonar, slik at vi kan halda dei levande, seier Laila Marie Reiertsen.

Stolt og glad varaordførar håpar mange vil strikka seg ei osrose

Dale Garn har lansert mønsteret «Osroso» etter ein idé frå Laila Marie Reiertsen.

- Gjennom strikkeartiklar har vi ein unik moglegheit til å formidla rosemålinga på ein ny måte, sa Reiertsen til Os & Fusaposten då ho fyrstlanserte ideen i mai i fjor.

- Osrosemålinga er så flott og så viktig å halda i hevd. Samstundes er det jo ikkje slik at alle har lyst til å ha rosemåling heime. Difor er det så viktig at vi kan tenkja nytt rundt gamle tradisjonar, slik at vi kan halda dei levande, følgjer ho nøgd og glad opp no når lanseringa er eit faktum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Reiertsen peikar på at strikking er veldig i tida, blant både unge og gamle.

- Eg tenkte rett og slett at det burde vere mogleg å kombinera rosemåling og strikkemønster. Eg tok kontakt med designer Iselin Hafseld hos Dale Garn og ho tente på ideen med ein gong.

Hafseld har vore på studietur til Os for å læra av rosemålarane Torunn Farsund og Hjørdis Juvik. Her besøkte ho også Bunadsverkstaden i Hegglandsdalen.

- Det er jo dei som er proffane. Men vi har hatt godt dialog heile vegen, og eg har fått sjå skissene etter kvart som mønsteret utvikla seg, fortel Reiertsen.

Dale Garn lanserte strikkemønsteret Osroso i helga. Ideen til varaordføraren har blitt mønster til ei rekke strikkeplagg. Heile kolleksjonen vil bli vist fram på Lyngheimtunet i samband med Kystsogevekene søndag 9. september.

- Eg håpar mange vil strikka seg ei osrose. Eg er alt i gang, smiler Reiersten.

Inspirasjonen og utgangspunktet til hovedornamentikken i Osroso er henta fra ei kiste måla av Per Rød.

jostein@osogfusa.no