(Bjørnefjorden. Arkivfoto)
(Bjørnefjorden. Arkivfoto)

Tala er klare: I Fusa er det fleirtal for kommunesamanslåing

Heile 65 prosent av fusingane er for kommunesamanslåing. I Os er meiningane veldig splitta.

I dag var tala for meiningsmålinga klare. Os og Fusaposten fekk tilsendt desse frå rådmannen i Os, Christian Fotland, i ettermiddag.

Hovudelementet i drøftingane

Meiningsmålinga i Fusa som vart gjennomført i kommunane Fusa og Os tar for seg fleire element, mellom anna korleis innbyggjarane ser på samanslåinga til ein ny Bjørnefjorden kommune. Det er dette spørsmålet som har vore hovudelementet i dei drøftingane som har vore mellom politisk hald i dei to kommunane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppsummert er svaret på kor positiv eller negativ innbyggjarane er til spørsmålet om samanslåing til ein ny kommune dette:

I Fusa kommune er 52 prosent som er positive til samanslåing. 25 prosent er negative, 22 prosent er verken/eller og eitt prosent veit ikkje.

I Os er tala slik: 38 prosent er positive og 23 prosent er negative. 37 prosent er verken/eller og eitt prosent veit ikkje.

Like mange for som mot

I Os er det like mange som er for kommunesamanslåing som det er folk som ønskjer å vera ein eigen kommune som i dag. Når det gjeld kva kommunar dei vil slå seg saman med om dei måtte velja, er det Fusa som merkar seg ut.

- 42 prosent av dei spurte i Os er for kommunesamanslåing med ein eller fleire nabokommunar.

Like mange (42 prosent) ønskjer å vere ein eigen kommune som i dag. Dei i alderen 50-69 år er mest positive til samanslåing, medan dei under 30 er minst positive. 65 prosent av dei spurte i Fusa kommune er for samanslåing med ein eller fleire nabokommunar. 24 prosent ønskjer å vere ein eigen kommune som i dag. Dei under 30 år er i minst grad for samanslåing, heiter det i pressemeldinga.

Os og Fusa føretrekkjer kvarandre

Vidare i pressemeldinga som rådmannen sende ut i ettermiddag står det at:

- Dersom dei må slå seg saman med nokon, svarer 70 prosent i Os at dei vel Fusa. 27 prosent vel Tysnes, 17 prosent Samnanger, 10 prosent Bergen og 4 prosent Austevoll. På det same spørsmålet svarer 64 prosent av Fusa-innbyggjarane at dei vil slå seg saman med Os, 35 prosent Samnanger og 29 prosent Tysnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viktig for innbyggjarane?

Tala viser at det blant dei godt vaksne er fleire som er for at Os og Fusa kommune skal slå seg saman, enn det er i den yngste aldersgruppa i målinga.

- 25 prosent av osingane meiner ei eventuell samanslåing av Os og Fusa er viktig for dei som innbyggjarar, dei yngste synest dette er minst viktig for dei. På Fusa svarer 51 prosent at samanslåing av Os og Fusa er viktig for dei som innbyggjarar. Aldersgruppa 50-69 i størst grad, dei yngste i minst grad, står det i skrivet.

I Fusa er over 50 prosent for at Os og Fusa skal slå seg saman.

38 prosent av dei spurte osingane er positive til at dei to kommunane slår seg saman. 52 prosent av fusingane svarer det same.

Andre hovudfunn

Andre hovudfunn som er lista opp i pressemeldinga:

. Innbyggjarane i Os meiner fyrst og fremst innbyggjarmedverknaden vil bli dårlegare i ein ny kommune, samanlikna med dagens kommune. Dei trur barnehagetilbodet vil bli betre, elles meiner dei sentrale oppgåver vil bli løyste omtrent like godt i ein samanslått kommune. Innbyggjarane i Fusa meiner òg innbyggjarmedverknaden vil bli dårlegare i ein ny, stor kommune, samanlikna med dagens kommune. Dei trur byggesaksbehandling, helsetenester, eldreomsorg og politisk styring vil bli betre løyst, det same med barnehagetilbod og skule/SFO.

. 26 prosent av osingane trur dei vil oppleve det samla tenestetilbodet i ein ny kommune positivt, samanlikna med tilbodet i dag. På Fusa svarer 49 prosent at dei trur dei vil oppleve tenestetilbodet i ein ny kommune positivt.