Os kommune hadde eit solid år, med noko høgare avkasting enn normalen.
Os kommune hadde eit solid år, med noko høgare avkasting enn normalen.

Tente 14 mill. på børsen i fjor

Porteføljen vaks frå 198,5 til 212,8 mill. kroner. Fondsforvaltaren slo referanseindeksen.

2017 blei eit betre børsår for Os kommune enn dei to føregåande åra. Ifjor tente kommunen9,4 mill. (4,5 prosent vekst) og året før 12 mill. kroner (5,5 prosent opp). I 2017 voks porteføljen med 14 mill. kroner noko som utgjer solide 7,2 prosent vekst. Fondsforvaltar Grieg Investor gjorde det dermed betre enn marknaden som hadde ein generell auke på 6,8 prosent.

Særleg innan obligasjonar, pengemarknad og eigedom har fondsforvaltaren gjort det betre enn indeksen, medan resultatet er noko svakare enn marknaden når det gjeld norske og globale aksjefond.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utviklinga over tid

I tabellen under kan ein samanlikna årets avkastning med tidlegare år. Tala går tilbake til 2002 då Os kommune starta bygginga av porteføljen etter sal av BKK-aksjar.

(Kjelde: Grieg Investor)

ol@osogfusa.no