Os kommune hadde eit normalår på børsen i 2016.
Os kommune hadde eit normalår på børsen i 2016.

Tente 9,4 mill. kroner på børsen

Os kommune sin aksjeportefølje voks med 9,4 millionar kroner i fjor, noko som utgjer 4,5 prosent vekst.

2016 starta med at porteføljen raste ned frå 189 mill. kroner til 185 mill. kroner. Trass i at starten ikkje var noko god, tok det seg kraftig opp på etter kvart.

Totalportefølgjens verdi ved inngangen av året var på 198,5. Året sett under eitt gav Os kommune såleis ei verdistiging på 9,4 mill. kroner. Samanlikna med tidlegare år, var 2016 heilt på det jamne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Styrer mot "pent overskot"

Politikarane var nysgjerrige på om økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas alt no kunne seia noko om resultatet for Os kommune for 2016.

- Me er godt i gang, men mykje skjer no i tida før fristen 15. februar. Det er positivt med dei 9,3 millionane me får i finansavkasting, og dette kjem på toppen av skatteinngangen og andre positive ting, sa Kaalaas.

Ho la til at resultatet ser ut til å bli godt, og vil gje eit "pent overskot". I fjor hadde kommunen over 50 mill. kroner i overskot, som vart nytta m.a. på vedlikehaldsarbeid og drifting av nye plassar på Luranetunet.

Bad om rask epost

Marie Bruarøy bad Kaalaas om å senda epost til utvalsmedlemmene så snart overskotet var klart.

- Me er så grådig nysgjerrige, sa ordføraren.

- Formannskapet brukar å få det først av alle, svara økonomisjefen.