Salatane på biletet har ingenting med denne saka å gjera. Derimot vil eigar Thomas Lyssand gjerne tilby tulipanløkane som kjem utover hausten og vinteren. (Arkivfoto)
Salatane på biletet har ingenting med denne saka å gjera. Derimot vil eigar Thomas Lyssand gjerne tilby tulipanløkane som kjem utover hausten og vinteren. (Arkivfoto)

Tilbyr tulipanløkar som dyrefôr

Lyssand Gartneri har tulipanløkar som kan brukast til dyrefôr.

– Eg veit ikkje om det er av interesse, men det er i alle fall meint som eit kreativt forslag til bønder i krise, seier eigar Thomas Lyssand.

Han er ein av to lokale bønder som har registrert seg på den nyoppretta forformidling.no der tørkeramma bønder kan få kontakt med bønder som har fôr til overs.

Artikkelen held fram under annonsen.

Førebels har ingen teke kontakt med Lyssand.

Tulipanløkane kjem i containerar til Os frå oktober og utover vinteren.

Mange tonn dagleg

Det er snakk om mellom fem og ti tonn dagleg, og etter det Lyssand kjenner til, skal desse fungera greitt som dyrefôr.

– Vi har levert til lokale sauebønder tid om annan. Så det er brukande, om enn ikkje optimalt, seier han.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no