Ein mann i 30-åra blei onsdag tatt medan han køyrde utan gyldig førarkort og i rusa tilstand.
Ein mann i 30-åra blei onsdag tatt medan han køyrde utan gyldig førarkort og i rusa tilstand.

Tok vinglesjåfør som var rusa på amfetamin, hasj og narkotiske tablettar

Lensmannen vil skryta av osingane etter at det kom inn tips som gjorde at dei fekk ein mann som tilsynelatande var svært rusa, av vegen.

– Vi fekk inn melding om vinglekøyring i nærleiken av Os sentrum. Sjåføren, ein mann i 30-åra – ikkje heimehøyrande i Os, var påverka og køyrde utan gyldig førarkort. Han var påverka av fleire narkotiske stoff, amfetamin, hasj og tablettar. Dei same stoffa er funnen på mannen, seier lensmann Dyrdal og legg til:

– Mannen blei tatt grunna tips frå publikum. Det er utruleg bra og viktig at publikum melder frå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alvorleg tilfelle

På vegen kan ein køyra så ryddig og fint som berre det, men ein veit aldri kva som ventar rundt neste sving.

– Difor er det så viktig at vi får inn meldingar som dette, for å halda slike sjåførar borte frå vegen. Det er ikkje første gong denne mannen blir tatt for noko slik. Det vil bli oppretta straffesak med melding på fleire ting. Det kan enda med inndraging av køyretøy også, når det er gjentaking som i dette tilfellet. Dette er meir alvorleg enn eit forenkla førelegg tilseier.