Fjord1 si tid som driftar av sambandet Halhjem-Sandvikvåg ser ut til å gå mot slutten. Frå 2019 tek etter alt å døma Torghatten over, med nye ferjer.
Fjord1 si tid som driftar av sambandet Halhjem-Sandvikvåg ser ut til å gå mot slutten. Frå 2019 tek etter alt å døma Torghatten over, med nye ferjer.

Torghatten overtek Halhjem-Sandvikvåg

Fredag vart Torghatten Nord AS tildelt løyvet for vidare drift av ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg, og ser dermed ut til å overta for Fjord1 frå 2019.

Statens Vegvesen gjorde fredag vedtak i sin anbodskonkurranse om drifta av riksvegferjesambandet E39 Halhjem-Sandvikvåg.

- Vi har tildelt Torghatten Nord AS løyvet, seier Statens vegvesen sin ferjekoordinator i Region vest, Anders Sæternes.

Artikkelen held fram under annonsen.

I konkurransen talde pris 80 prosent, medan miljø talde 20 prosent.

- Gjennom vår evaluering er dei kåra til vinnar på pris og miljø samla, fortel Sæternes.

Det er tre vekers klagefrist på løyvetildelinga. Det betyr at saka ikkje er endeleg avgjort før fredag 21. oktober.

- Vi meiner at dette er riktig tildeling, seier Sæternes.

Lovar utvida ferjetilbod

Kontrakten har oppstart 1. januar 2019.

Det blir i følgje Sæternes fleire endringar når Torghatten tek over.

- For trafikanten er den største endringa forbetra rutetabell, med fleire avgangar og fleire ferjer, fortel ferjekoordinatoren.

Han seier strekninga framleis vil bli trafikkert av gassferjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Har Torghatten ferjer å setja inn på strekninga, eller må dei skaffa nye ferjer?

- Det blir nok i stor grad nye ferjer, meiner Sæternes.

Han seier fleire detaljar kjem seinare.

Anbodskonkurransen blei lyst ut som open konkurranse 1. mars i år, med tilbodsfrist til 16. august.

Løyvet gjeld i åtte år, frå 1. januar 2019 til 31. desember 2026.

Ventar på å signera

I Torghatten Nord AS gler dei seg over det førebelse resultatet av konkurransen.

- For det første er dette veldig hyggeleg og ein stor kontrakt for oss, seier direktør i reiarlaget Torghatten Nord AS, Torkild Torkildsen, om tildelinga.

Stor kontrakt og viktig tildeling til trass, reiarlaget vil ikkje spretta champagnen før klagefristen er gått ut og kontrakten heilt i boks.

Artikkelen held fram under annonsen.

- No ventar vi på å få signera kontrakten med Statens Vegvesen og gler oss til å byrja med prosjektet og i neste omgang å koma i full drift, seier Torkildsen.

Utover at selskapet kjem til å skaffa heilt nye ferjer å setja inn på strekninga, ønskjer han ikkje å utdjupa meir om korleis Torghatten vil drifta sambandet, før avtalen er offisielt signert.

- Ikkje uventa

Fjord1 som i dag driftar sambandet med tre gassferjer som kvar har ein kapasitet på 212 bilar, leverte eit tilbod på 5,8 milliardar kroner til konkurransen.

Når pris skulle telja så mykje som 80 prosent, blei det vanskeleg å slå Torghatten som leverte eit anbod på 4,7 milliardar kroner.

- Resultatet var ikkje uventa i forhold til slik tilbodssummane framkom etter anbodsopninga, men det var ikkje slik vi ønska at det skulle vera, seier regionsleiar i Fjord1, Tor Kristoffersen.

Han opplyser at selskapet no vil sjå på om det er grunnlag for å klaga og så ta det derfrå.

Norled er det tredje selskapet som deltok i konkurransen, med ein tilbodspris rett over 6 milliardar.

- Er det riktig å la pris telja så mykje som 80 prosent?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er ei vurdering oppdragsgjevar gjer frå anbod til anbod, og noko vi ikkje har sterke meiningar om. Vi held oss til konkurransegrunnlaget som det ligg føre, seier regionsleiaren i Fjord1.

Ville drifta vidare

Halhjem-Sandvikvåg er Noregs tredje største ferjesamband. I fjor vart 966.568 køyrety og 1.266.305 passasjerar frakta med gassferjene mellom OS og Stord.

- Kva betyr tapet av dette løyvet for Fjord1?

- Det er vanskeleg å seia no. Men i første omgang betyr det at vi ikkje skal driva ferjer på det sambandet i den neste åtteårs-perioden, seier Kristoffersen og legg til:

- Dette er eit stort samband som vi aller helst hadde sett at vi skulle driva vidare, men slik det ser ut, skal Torghatten gjera det istaden. Samtidig går vi inn i ein periode der mange nye kontraktar skal drivast vidare, så kanskje det kan opna seg andre moglegheiter.