Framleis arbeider Statens Vegvesen med kostnadsreduksjonar og detaljplanar, men trasevalet er ikkje lenger ei politisk sak. Vedtaket er fatta. Saka er ferdig.
Framleis arbeider Statens Vegvesen med kostnadsreduksjonar og detaljplanar, men trasevalet er ikkje lenger ei politisk sak. Vedtaket er fatta. Saka er ferdig.

Trasevalet er tatt - svar til Egil Haugland

Samferdselsminister Jon Georg Dales klare tale om E39 Hordfast-prosjektet vart tydelegvis tung kost for Egil Haugland og Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden.

Under si vitjing i Os tysdag var Dale tydeleg på dei E39-vedtaka Regjeringa og Stortinget har fatta med breitt fleirtal. Traseen for E39 Hordfast vart bestemt for fem år sidan, prosjektet ligg inne med løyvingar i andre del av Nasjonal Transportplan 2018-29 (NTP), og det vil bli realisert. Spørsmålet no er når Hordfast kjem, ikkje kor vegen skal gå.

Framleis arbeider Statens Vegvesen med kostnadsreduksjonar og detaljplanar, men trasevalet er ikkje lenger ei politisk sak. Vedtaket er fatta. Saka er ferdig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om Haugland og Folkeaksjonen ikkje likar det, så er ganske enkelt toget gått for diskusjonar om alternative trasear. Vi har sagt det lenge, - utan å bli trudd. No gjentar samferdselsministeren det på vegne av det rikspolitiske miljøet, og framleis aksepterer ikkje folkeaksjonen dei demokratiske fatta vedtaka. 29.november 2018 vart også SVs fergealternativ for kryssing av Bjørnafjorden klart avvist av Stortinget.

Etter at trasevalet vart fatta i 2013, har vår jobb lokalt vore å sørgja for at kommunedelplanen, og i neste omgang reguleringsplanane, vert best mogeleg for lokalsamfunnet. I heile prosessen har Frp og det øvrige politiske miljø i Os hatt fokus på naturverdiar, friluftsliv og lokale verknader av prosjektet. Det fokuset skal vi også ha i framtida, både i høve ilandføring av brua og kryssing av Ulvenvatnet.

Vi ser det difor formålslaust å gå inn på Egil Hauglands konkrete spørsmål eller reknestykke, men vil vise til analysane av kostnader og samfunnsnytte i Konseptvalutgreiinga (KVU) frå 2013. Der konkluderer ein med følgjande i samanlikninga av indre og midtre trase; «kostnadsskilnaden mellom dei to linjevala er liten, og på grunn av vesentleg kortare strekning får det midtre alternativet ein høgare netto nytte/samfunnsøkonomisk lønsemd». Difor vart også midtre trase valgt.

Å bruka meir tid og krefter på dette no gjev ingen verdi. Bjørnafjorden Frp er imidlertid positiv til å arbeida vidare med bruløysing mellom Os og Fusa, anten det vert som eit fylkesvegprosjekt eller som ein del av ein framtidig Hordalandsdiagonal mellom E39 og E134 Haukeli. Her har vi ei viktig oppgåve i åra som kjem.

Terje Søviknes Gustav Bahus

Bjørnafjorden Frp