(
(

Trudde blinkande veglys var SOS

Politiet rykte ut i natt då dei fekk melding det som skulle vera eit naudsignal i form av eit SOS.

– Det var nokon som melde frå klokka halv eitt i natt at nokon blinka SOS i fjellsida på Skjelbreid. Det viste seg å vera eit veglys på toppen av Bygdastølen som nok blinka litt i vinden, fortel politibetjent i Fusa, Anders Opsal.