I 2008 var dei åleine i Picapoint. Dei siste åra har Bjørn Stian Bjoarvik og Ingerid Helle Soltvedt auka talet tilsette, og no søkjer dei etter tre nye medarbeidarar som kan driva ei ny avdeling i hovudstaden.
I 2008 var dei åleine i Picapoint. Dei siste åra har Bjørn Stian Bjoarvik og Ingerid Helle Soltvedt auka talet tilsette, og no søkjer dei etter tre nye medarbeidarar som kan driva ei ny avdeling i hovudstaden.

Utvidar med avdeling i hovudstaden

Digitalbyrået Picapoint haustar frukter av å ha ridd digitaliseringstoget heilt sidan det gjekk frå perrongen.

– Det vi har vunne stort på, er den digitale kompetansen vår. Vi bestemte oss med ein gong digitaliseringa kom for alvor. Dette vil koma meir og meir, tenkte vi – og vi fekk rett, seier dagleg leiar og partnar, Ingerid Helle Soltvedt.

– Vi har verkeleg fått løn for den satsinga. Vi har alltid lege i forkant – aldri bakpå, seier kreativ leiar og partnar, Bjørn Stian Bjoarvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil koma tettare på kundane

Dei to skildrar Picapoint som eit kreativt digitalbyrå som hjelper merkevarer og verksemder å realisera sitt potensial i ein digital verd. For å kunna gjera jobben endå betre, har dei i jubileumsåret bestemt seg for å starta ei eiga avdeling i hovudstaden.

– Vi har markert oss godt i Oslo opp mot Oslo-baserte verksemder – sjølv om vi sit i Os. Vi har eit stort nettverk med store kundar i hovudstaden. Det er ein god indikator på at vi skal få endå betre resultat ved å fysisk vera til stades der, seier Bjoarvik.

– Vi reiser for å ta del i oppstartsmøte, og andre møte innimellom, men vi bruker videomøte mykje, då det sparar tid for alle partar. Likevel, vil det vera ein stor fordel for oss å sitja tettare på miljøet og fleire av kundane våre, seier Soltvedt.

Eit anna moment, er at verksemda har hatt stor suksess med frukostmøte og kundekveldar for verksemder og samarbeidspartnarar i nærområdet.

– Det er tilbod som ikkje Oslo-kundane har fått høve til å ta del i, men det skal dei no, seier Soltvedt og smiler.

Auke i vekst og tilsette

Picapoint har kundar over heile landet. To av dei største sit dei vegg i vegg med: Sport Outlet og Sport Norge.

– I juni blir Sport Outleg nummer 54 opna, så dei er kjempestore. Det er også Sport Norge. Dei to har hovudkontor her, men vi arbeider også mykje ut mot butikksjefane, som er spreidd utover heile landet. Då er det godt å ha eit team i Oslo også, seier Bjoarvik.

I oktober er det ti år sidan ho og Bjørn Stian Bjoarvik starta Picapoint saman. Sidan har verksemda vekse forsiktig, i alle fall fram til dei siste åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Veksten har akselerert den siste tida i omsetnad og talet tilsette. I fjor tilsette vi tre og eit halvt årsverk til, fortel Bjoarvik.

For snart ti år sidan var dei to. No er dei ni tilsette i den lokale verksemda, som sommaren 2016 flytta frå Jordmorsvingen og inn i nyinnreidde lokale i Ådnadalen. Til den nye avdelinga i Oslo, er det lyst ut tre stillingar.

– I kombinasjon med at vi får eit team i Oslo på fast basis, kjem vi også til å auka pendlinga frå Os-kontoret. Vi kjem også til å jobba på tvers av avdelingane, ved at dei som sit i Os kan reisa til Oslo ved høve og motsett. Vi skal vera ei eining sjølv om vi har to avdelingar, seier Bjoarvik.