Treet som velta i Oshaugen tok med seg nokre leidningar før det landa på huset. Det vart gjort forsøk på å fjerna nokre greiner, men det vart bestemt at huset måtte evakuerast. Sjølve evakueringa tok politiet seg av, opplyser vakthavande i brannvesenet.

Uveret: Måtte evakuera hus

Eit hus i Oshaugen måtte evakuerast onsdag kveld.

Treet tok med seg nokre leidningar før det landa på huset. Det vart gjort forsøk på å fjerna nokre greiner, men det vart bestemt at huset måtte evakuerast. Sjølve evakueringa tok politiet seg av, opplyser vakthavande i brannvesenet.

- Det var tilsynelatande ikkje dei største skadane på huset og det vart ikkje meldt om vatn som trengde i gå kveld, i alle fall.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elles konstaterer vakthavande ved brannvesenet at det ikkje vart så ille som ein hadde frykta. Det var likevel nokre travle timar og brannmannskapet reiste frå stad til stad for å ta seg av særleg treveltar.

- Kvelden starta på Peppes med bølgene som slo inn i lokala til Bar(t) etter at nokre benkar blåste gjennom vindauget. Her fekk me på plass såkalla «restverdiredning» for å redda golvet som «stod i» saltvatn.

Etter å ha rykt ut til treveltar både i mellom anna Strønevegen, Torkjelsvegen og på Hatvik, roa det seg noko for brannmannskapet i 23.30-tida onsdag kveld.

Treet som velta i Oshaugen tok med seg nokre leidningar før det landa på huset. Det vart gjort forsøk på å fjerna nokre greiner, men det vart bestemt at huset måtte evakuerast. Sjølve evakueringa tok politiet seg av, opplyser vakthavande i brannvesenet.
Treet som velta i Oshaugen tok med seg nokre leidningar før det landa på huset. Det vart gjort forsøk på å fjerna nokre greiner, men det vart bestemt at huset måtte evakuerast. Sjølve evakueringa tok politiet seg av, opplyser vakthavande i brannvesenet.

- Treet som velta over vegen i Hatvikvegen låg seg over ei straumførande linje, så dette måtte BKK og vegvesenet ta seg av.

Ifølgje vermeldingane kan vinden ta seg opp att i helga, og vakthavande oppmodar om at folk sikrar lause gjenstandar, ser til båtane sine og elles ferdast varsamt ute når det står på som verst.

jostein@osogfusa.no