Mats Cato Moldskred skåra to mål i kampen mot Lyngbø i april. Det gjorde han også i kveld.
Mats Cato Moldskred skåra to mål i kampen mot Lyngbø i april. Det gjorde han også i kveld.

Vann 3–1 i toppoppgjer mot Lyngbø

Os vann 3–1 over Lyngbø på Lyngbø Idrettspark i kveld. 4. divisjonslaget aukar dermed forspranget til tabelltoaren.

Os møtte Lyngbø på Lyngbø Idrettspark klokka 19 i kveld. Os pressa på frå start, men det var først 28 minutt inn i 1. omgang det første målet kom. Målet var signert Mats Cato Moldskred.

Gleda vart kortvarig. Fire minutt seinare utlikna Lyngbø. Og resultatet til pause var 1–1.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då Os møtte Lyngbø på Kuventræ i april enda kampen 8–2 til dei gule og svarte. Denne gongen vart det "berre" tre mål på gjestene frå sør. Det andre målet sette Torkel Hjertnes inn etter 70 minutt, medan Moldskred hamna på skåringslista igjen då det gjenstod 14 minutt av kampen.

Sigeren mot Lyngbø var viktig med tanke på opprykk. Os ligg øvst på tabellen med 34 poeng, medan Lyngbø ligg som nummer to med 29 poeng.