Må ein bada med våtdrakt på i sommar også, eller blir det råd å ta på seg bikinien?
Må ein bada med våtdrakt på i sommar også, eller blir det råd å ta på seg bikinien?

Varmare neste veke

Gladmelding frå vêrmeldarane: Neste veke kan me få sjå 20-talet på termometeret. Og fusingane får det varmast.

Starten på fellesferien har bydd på både bygevêr og enkelte solglytt, og temperaturar som ikkje nett har innbydd til bading. Os kommune fortset likevel trufast med måling av badetemperaturar rundt om i kommunen. Den siste målinga er frå torsdag og viser at det er 14 varmegrader i fjorden, og 15 grader i innsjøane - Vindalsvatnet og Ulvenvatnet. 

Interessant nok er dette litt varmare enn middeltemperaturen i lufta dei siste vekene, som har vore på 13 varmegrader. Den høgste temperaturen som er målt er 16 varmegrader. 

Artikkelen held fram under annonsen.

22 grader i Fusa

Neste veke kan det sjå lysare ut, ifølgje yr.no. Rett nok må folk først tola litt regn på søndag og måndag, men på tysdag er det meld skya sol, og på onsdag er det meldt 20 varmegrader. Torsdag kan det bli litt regn att, men temperaturen held seg på rundt 19 grader resten av veka, ifølgje vërmeldingstenesta. 

I Eikelandsosen er det meldt opp til 22 varmegrader på onsdag, og rundt 20 grader resten av veka.