VM-gull til Holmefjord Lorentzen

Oppladinga til sprint-VM var prega av sjukdom, men det stoppa ikkje Håvard Holmefjord Lorentzen som tok Noreg sitt første gull i sprint-VM sidan Frode Rønning gjorde det i 1981.

I VM gjekk to dei 500-meter og to 1000-meter. Løparen med den beste samanlagt-tida ville ta heim VM-gullet. Håvard Holmefjord Lorentzen opna knallsterkt med å vinna 500-meteren laurdag, før det på 1.000-meteren kom fram at han ikkje har hatt ei god opplading, då han gjekk tom mot slutten. Likevel klarte han å halde på leiinga. Då søndagen starta, hadde han 15 hundredelar å gå på til nederlanske Kai Verbij. På søndagens 500-meter var Holmefjord Lorentzen igjen knallsterk, og på førehand sa han at han følte seg betre i kroppen.

– Eg er betre i dag. Leverer eg tilsvarande som i går, så blir det gull, sa Holmefjord Lorentzen til NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to argaste konkurrentane Verbij og Kjeld Nuis gjekk i para før Holmefjord Lorentzen, og viste at også dei var sliten på den fjerde tevlinga på to dager. Det gjorde at Holmefjord Lorentzen måtte koma i mål før 1.10,10. Sjølv om nordmannen også var dyktig sliten, kom han seg i mål på 1.09,81, og tok dermed gull med relativt god margin.

– Det gjekk akkurat. Opninga var grei, men eg fekk ikkje opp toppfarten. Eg var tom på slutten, seier Holmefjord Lorentzen til NRK etter 1.000-meteren.

– Det gjør godt å vinna. Det er dette eg har drøymd. OL-gull og VM-gull i ein og same sesong er nesten meir enn eg kunne ha drøymd om. No går eg for samanlagt-sigeren i verdscupen, seier Lorentzen Lunde til NRK.