Første skuledag er spennande for både vaksne og born. Lærling Vegard Boge tek ein prat med førsteklassing Arnt Magne Kvinnesland.
Første skuledag er spennande for både vaksne og born. Lærling Vegard Boge tek ein prat med førsteklassing Arnt Magne Kvinnesland.

Nye andlet på Fusa skule

Det er ikkje berre dei fem førsteklassingane som går ein ny kvardag i møte på Fusa skule.

Onsdag var det skulestart i Fusa. På Fusa skule troppa fem spente føresteklassingar opp til samling i samfunnshuset før turen gjekk vidare til klasserommet, faste plassar og ein heilt ny kvardag.

Daniel, Salvis, Storm, Agata og Arnt Magne hengjer sekkane sine opp på stolryggen, finn fram sommarboka dei fekk utdelt på førskuledagane i vår, og tek plass på benkane framføre tavla.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Har de lyst til å fortelja litt om kva de har gjort på i sommar, spør kontaktlærar Silje Marie Eriksen og fortel at ho har vore på hytta i Austevoll og bada mykje.

Elevane fortel velvillige om store og små sommarminne.

– Er det ein ekte sjiraff, er det nokon som utbryter i det Storm Nesbø viser fram bileta frå turen til Dyreparken i Kristiansand.

Kontaktlærar Silje Marie Eriksen syner dei fem førsteklassingane korleis dei skal stilla fint opp på rekkje før dei går inn i klasserommet.
Kontaktlærar Silje Marie Eriksen syner dei fem førsteklassingane korleis dei skal stilla fint opp på rekkje før dei går inn i klasserommet.
Britt-Mari Gjerde er ny rektor på Fusa skule.
Britt-Mari Gjerde er ny rektor på Fusa skule.
For å læra seg namna på alle elevane sytte rektor Britt-Mari Gjerde for å ta bilete av alle klassane. Eitt vanleg bilete, og eitt tullebilete.
For å læra seg namna på alle elevane sytte rektor Britt-Mari Gjerde for å ta bilete av alle klassane. Eitt vanleg bilete, og eitt tullebilete.
I sommarboka har førsteklassingane samla små og store minne frå sommarferien.
I sommarboka har førsteklassingane samla små og store minne frå sommarferien.
Fargelegging.
Fargelegging.
Agata Konieczka, Salvis Baldins, Vigdis Nesbø, Daniel Espeland (delvis skjult) og Storm Nesbø.
Agata Konieczka, Salvis Baldins, Vigdis Nesbø, Daniel Espeland (delvis skjult) og Storm Nesbø.

Tre A-ar

Etter samslingsstunda får elevane utdelt kvart sitt arbeidshefte, blyant og viskelær. Den første oppgåva deira på skulen er å fargeleggja framsidebiletet på arbeidsheftet. Arnt Magne Kvinnesland og Agata Konieczka fortel at dei har gledd seg til å byrja på skulen lenge. Nøyaktig kva dei gler seg mest til er litt vanskelegare å setja ord på.

– Eg veit ikkje heilt, seier Arnt Magne.

– Eg har gledd meg sidan eg gjekk i barnehagen, fortel Agata.

– Veit de kva de skal læra på skulen?

– Å lesa og å skriva bokstavar. Eg kan skriva namnet mitt. Det er lett. Det er jo tre A-ar, seier Agata.

Artikkelen held fram under annonsen.

Læra, leika og le

Dei fem førsteklassingane var ikkje dei einaste nye andleta på Fusa skule onsdag. Kontaktlæraren for første- og andre klasse, Silje, kjem rett frå skulebenken sjølv, og tek fatt på sin første jobb som lærar på barneskulen i Fusa.

– Det vert eit spennande år med mykje nytt og mykje gøy. Eg gler meg til å verta kjent med elevane, og til å ta del i læringsaugneblinka og andre augneblink som høyrer med i skulekvardagen, seier Eriksen.

Rektor Britt-Mari Gjerde er også ny. Ho kjem frå rektorjobb i Søre Fusa til Fusa. Då ho ønskte velkomen til eit nytt skuleår la ho vekt på at elevar og lærarar ikkje berre skal læra saman i året som kjem, men også leika og le.

– Eg kjennar at eg likar elevane på Fusa skule allereie, sa Gjerde før ho handhelste på alle elevane frå 1. til 7. klasse og tok bilete av dei til kontorveggen sin.

– Eg ser fram til å ta fatt på nye utfordringar. I tillegg gler eg meg kjempemasse til å verta kjent med alle elevane eg har teke bilete av. Å verta kjent med elevane er det eg synest er aller mest spennande, og det eg kjem til å bruka mest tid på i tida som kjem, seier den nye rektoren.

Gjerde legg til at ho ser fram til å jobba i lag med elevar og vaksne på Fusa skule, til å ta i bruk nærmiljøet kring skulen, og til å verta del av ein syngjande skule.

Før elevane gjekk kvar til sitt sang dei skulesongen som handlar om å ha respekt for kvarandre. Og så var skuleåret 2018/2019 i gang.

camilla.kvamme@osogfusa.no