ABO PLAN & ARKITEKTUR AS og Brickvisual AS)
ABO PLAN & ARKITEKTUR AS og Brickvisual AS)

Sa nesten nei til Solstrandvegen

Frp/H var skeptiske til planen som inneber høgare og fleire husvære langs Solstrandvegen, men valde likevel å ikkje avvisa planen.

Utbyggjarane Krohnås Prosjekt AS og OBOS meiner at den gamle reguleringsplanen ikkje er god nok, og vil ha ein ny plan.

- Den vedtekne planen frå 2011 inneheldt fleire innbyrdes motstridande vilkår. Talet på bustader politikarane gav løyve til, var ikkje i samsvar med krava elles, mellom anna gjeld det utnyttingsgrad, krav til byggjehøgder, planeringshøgder, og plassering av bustadbygg, har arkitekt Bjørn Atle Drange hjå plankonsulent ABO Plan & Arkitektur uttalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Naboane bak blokkene

Den gamle planen frå 2011 sette eit maksgrense på 50 husvære fordelt på seks blokker og ei maksimal mønehøgd på 68,8 meter (blokk F) kotehøgd. No blir det søkt om å auka til ca 70 husvære og annleis bygningskroppar som også inkluderer heva mønehøgd. Medan dei tre første blokkene (innflyttingsklare om eitt år) får ei høgd på 64 og 66 meter kotehøgd, skulle dei tre neste blokkene vera på 66, 67 og 68 meter kotehøgd. I staden vert det no søkt om å få byggja tre-fire meter på toppen av dette att, med ei blokk på 69 meter og to på 71,5 meter kotehøgd. Til sterke protestar frå naboane som inkluderer Eirik Neverdal, Steinar Birkeland og Tryggve Bergmann. Dei mister naturleg nok meir utsikt og kveldssol, dersom den nye planen vert gjennomført.

Vanskeleg reknestykke

Plan- og utviklingssjef Aina Tjosås har uttalt at det ikkje var så smart av politikarane å setja eit tak på maksimalt 50 husvære. Dette gjentok ho i plan- og bygningsutvalet i går. Grunngjevinga er at det skapar lite fleksibilitet for utbyggjar, og kan bli ei tvangstrøye. Arkitekt Bjørn Atle Drange hjå ABO Plan & Arkitektur har forklart at sidan dei tre første blokkene rommar 36 husvære, vert det rart å ha berre 14 husvære i dei tre neste. Husværa i dei tre første blokkene vert selt til ein pris på mellom 2,3 og 7,5 mill. kroner per husvære, og korleis dei 14 husværa i så fall skulle vore prissette, er eit av mange opne spørsmål. Drange har uttalt at marknaden ikkje etterspør slike husvære. 14 husvære fordelt på tre blokker vil enten bli mykje større enn dei i naboblokkene, eller så vil blokkene bli mykje lågare enn kva både gamal og ny plan legg opp til.

Mistanken

At dette reknestykket ikkje gjekk opp har politikarane frå både posisjonen og opposisjonen påpeikt var noko utbyggjar visste om alt før dei planlagte dei tre første blokkene. Dei mistenkjer difor at utbyggjar med vitande og vilje la 36 husvære til dei første tre blokkene, og deretter rekna med at det ville vera ein smal sak å få Os kommune til å la dei byggja om lag same talet husvære i dei neste tre blokkene. Dermed ville dei ha fått fjerna maksgrensa på 50 husvære. Utbyggjar har avvist at dei prøvde å spekulera i dette, men så langt har politikarane valt å ikkje høyra på det øyret.

- Føler meg lurt

- Eg synest ikkje 70 husvære hadde vore så voldsomt om dei kom med det i første runde. Men dei kjem altså med det i andre runde. Er grunnen til det at dei tenkjer "dette går uansett gjennom hos Os kommune", så er det veldig uheldig, meinte Sonja Vernøy Hansen (Frp).

- Sonja sa akkurat det same som eg hadde tenkt å seia, sa Harald Døsen (Ap), i det som framstod som ei uvanleg tverrpolitisk semje. Døsen la til at han følte seg lurt.

Terje Sperrevik (TvS) prøvde å få Frp/H med på eit felles vedtak i saka, som innebar at saka vart avvist. Men det ville ikkje Frp/H vera med på. Etter eit gruppemøte la Gustav Bahus (Frp) fram ein protokollmerknad til saka. Det var eit signal om at dei kom til å røysta for å leggja saka ut til offentleg høyring, men at dei ville leggja ved ein merknad som sa noko om Frp/H sitt syn i saka. I merknaden heitte det mellom anna at "Frp/H reagerer på at talet einingar vert høgare enn dei 50 som først vart sett. Utbyggjar må sjå på høgd og volum på nytt". Bahus sa også at neste utval måtte på synfaring på tomta før saka kjem til behandling att.

- Dobbeltkommunikasjon

Då saka kom til røysting fekk Sperrevik sitt alternative framlegg til vedtak opposisjonens fire røyster. Innstillinga med Frp sin protokollmerknad vart vedteke med utvalsleiar si dobbeltstemme.

Terje Sperrevik var ikkje nøgd. Han kalla det dobbeltkommunikasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Her ser me igjen at sjølv om me eigentleg er einige i sak, så gjer Frp/H likevel noko anna enn det dei seier. Ein protokollmerknad er ikkje nok.

Ingrid Netland (Sp) uttalte at det føyer seg inn i ei rekkje av merkelege vedtak frå posisjonen. "Dåkker meine ikkje det dåkker sier", uttalte ho.

Saka vert lagt ut til offentleg ettersyn, og kjem tilbake til plan- og bygningsutvalet for behandling etterpå.