Ariel har ei enorm medaljesamling på rommet, men manglar framleis den viktigaste av dei alle, OL-medaljen.
Ariel har ei enorm medaljesamling på rommet, men manglar framleis den viktigaste av dei alle, OL-medaljen.

Sjekk den medaljesamlinga!

Ariel Braathen (16) har i løpet av seks år med symjing hausta 232(!) medaljar frå ulike stemne. I sommar går OL i Rio de Janeiro av stabelen, og søftelendingen er klar på at dit skal ho.

- OL har vore målet mitt sidan eg starta med symjing, seier Ariel og held fram:

- Eg har klart B-kravet. Eg er eit par sekund unna å klara A-kravet til OL, men når eg toppar forma kan mykje skje. Seinast i jula forbetra eg min personlege rekord på 100 meter med eit par sekund over eit par veker. Slik som eg jobbar og presterer er det fullt mogleg å klara A-kravet. Det er fleire stemne før OL, der eg har mange sjansar til å klara A-kravet, seier Ariel og smiler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sette målet som 10-åring

Os og Fusaposten vitja Ariel, og far og manager Bjørn Arne Braathen heime på Søfteland i føremiddag. Bjørn Arne er stolt over det dottera presterer i bassenget.

- Alexander Dale Oen var ein stor symjar, men han var ikkje trippel senior noregsmeister når han var 16 år gamal. Det Ariel har fått til er rett og slett fantastisk, og ho står enormt på for å få dei resultata, seier han og held fram:

- Då ho var 10-11 år gamal, sa ho til meg at ho ville symja i OL. Skulle eg lyga og seia at det går heilt fint, og at ho kunne gå og leika i sandkassa? Vi bestemte oss for å ta det på alvor, og braut det opp i delmål for kvart år med dei ulike tidene ho måtte ha for å kunna nå det målet. Slik kunne ho betre forstå kva som måtte til for å koma til OL.

I helga som var blei det fem gullmedaljar, ny norsk rekord på 50 meter bryst, ny personleg rekord på 200 meter, og ny norsk senior rekord på stafett (4x100 meter kvinner medley). I tillegg til ein stafett-bronse. Her poserer bassengdronninga med medaljane.
I helga som var blei det fem gullmedaljar, ny norsk rekord på 50 meter bryst, ny personleg rekord på 200 meter, og ny norsk senior rekord på stafett (4x100 meter kvinner medley). I tillegg til ein stafett-bronse. Her poserer bassengdronninga med medaljane.
Ariel og Bjørn Arne har eit tett og nært forhold. - Han er snill og hyggeleg, men samstundes litt streng og bestemt. Eg veit at han berre vil det beste for meg, seier Ariel om faren.
Ariel og Bjørn Arne har eit tett og nært forhold. - Han er snill og hyggeleg, men samstundes litt streng og bestemt. Eg veit at han berre vil det beste for meg, seier Ariel om faren.

Trippel senior noregsmeister

Ariel har sidan då jobba knallhardt. Ho knusar stadig personlege rekordar og noregsrekordar, og sjølv om ho berre er 16 år, er ho altså trippel senior noregsmeister.

- Det er kun Ariel som set grenser for kor langt ho kan nå. Om ho ikkje er motivert, så går det ikkje vidare, men det er ingen som tar ho så lenge ho er motivert, seier Bjørn Arne.

Måtte slutta med andre idrettar

Det er tydeleg at dei to har eit tett og nært forhold. Bjørn Arne er ein sterk pådrivar, som syt for at å motivera og rettleia Ariel. Men han var ikkje delaktig då Ariel bestemte seg for å starta med symjing.

- Det var Ariels bror (Sebastian, journ.mrk.) som starta med symjing. Ariel har alltid likt å følgja etter broren. Vi måtte be henne velja, for då heldt jo på med ballett fotball og turn frå før av. Vi køyrde oss heilt sprø på den tida. Vi prøver å stilla opp på, men då blei det litt for mykje.

Snill, men bestemt

Valet fall på symjing, og heilt sidan valet blei tatt, har Bjørn Arne pusha Ariel for at ho skal nå målet om OL i Rio.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Korleis er Bjørn Arne som far og manager?

- Det blir ein del symjeprat. Han er hyggeleg og snill, men til tider streng og bestemt. Sett utanfrå verkar han nok ganske strengt, men eg kjenner han godt, og veit at han berre vil mitt beste, seier Ariel.

Innreiar stove til Ariel

På loftet har Ariel sin eigen fristad. Ho har ei stove og eit soverom, samt ei ny stove som er under innreiing. Nyleg arrangerte familien overraskingsfest for ho, slik at ho fekk litt tid med venane sine.

- Det blir ikkje så mykje tid til venar. Det går mykje tid til trening og skule, og når eg først har fri, er eg ofte sliten. Det er blitt slik at klubbvenene min er dei eg er mest med, seier Ariel.

- Det er viktig at ho får tid til å vera Ariel, og ikkje berre symje-Ariel, seier Bjørn Arne.

- Difor har me handla møblar og slikt, og laga til eit rom kor ho kan ha venene på besøk.

Manglar den viktigaste medaljen

På rommet har ho samla alle medaljane frå dei siste seks åra.

- Det er blitt ganske mange, ja. Eg trur det er kring 200.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter nærare rekning viser det seg at det er totalt 232.

- Men eg manglar den viktigaste, OL-medaljen, seier Ariel og smiler.

Ingen tid til romantikk og kjærleik

Den medaljen ho er mest stolt over, har ho ikkje, for den fekk ho aldri.

- Eg klarte senior-landslagskravet under Nordisk meisterskap i desember, men eg blei diskvalifisert i finalen, så eg fekk ingen medalje. Eg skulle gjerne hatt ein medalje frå meisterskapen der eg kvalifiserte meg til landslaget, men det har eg altså ikkje, seier ho.

Av alle medaljane ho har, er det den første medaljen frå eit internasjonalt stemne som heng høgast.

- Denne fekk eg på 200 meter bryst i 2014. Mitt første internasjonale gull, seier ho.

Vener er det knapt nok tid til, og romantikk og kjærleik er satt på vent på ubestemt tid.

- Slik har eg ikkje tid til. Dei får vera i livet mitt som venar dei som gidd. Er dei skikkeleg forelska, så klarer dei å venta. Eg må gjera meg ferdig med symjinga, seier Ariel og ler.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei seier at eg brenn motivasjon

- Kor lenge ser du føre deg å kunna halda på som toppidrettsutøvar?

- Eg ser føre meg å halda på til eg er i starten av 20-åra, men kanskje ikkje til eg er 26-27 år som mange andre gjer. Det er litt vanskeleg å ta stilling til no. Eg er ganske tøff med meg sjølv om det ikkje går bra, og då blir eg skikkeleg sur. Trenarar som ser korleis eg reagerer meiner at eg ikkje kjem til å halda på så lenge, fordi eg brenn opp motivasjonen min, seier Ariel.

- Planen er altså å gje seg på topp?

- Når eg er på topp kjem eg nok til å halda det gåande ei stund slik at eg vinn ulike ting. Eg må jo nyta det så lenge eg kan før eg gjer meg, seier Ariel og smiler.