Skulpturen til Sissel Berntsen, Rumours 1, 2 og 3, vart ein spennande møteplass for ungjenta Sofie Alice på 61/2 år og søstrene Gerd Jacobsen (bak) og Lita Ulland.
Skulpturen til Sissel Berntsen, Rumours 1, 2 og 3, vart ein spennande møteplass for ungjenta Sofie Alice på 61/2 år og søstrene Gerd Jacobsen (bak) og Lita Ulland.

Skulpturparken skaper nye møteplassar

Dei mange skulpturane som står plasserte rundt om i Os sentrum, er med på å skapa nye møteplassar, glede og kreativ leik for store og små.

Wenche M. Eriksen

wenche.eriksen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Kyrkjeflaten er blitt reine skulpturparken, og på ein av dei fine solskinsdagane i helga, myldra det av born i og rundt skulptur­ane. Den massive granittbåten, laga av kunstnaren Kristian Blystad, er særleg populær der han ligg like ved den vesle dammen.

Det er ikkje berre den yngre garde som frydar seg over all kunsten som smykkar Os i sommarmånadene. Søstrene Gerd Jacobsen og Lita Ulland er svært begeistra for tiltaket til Arne Mæland, og skryter uhemma av dei vakre skulpturane han og kunstnarkolllegaene hans har laga.

- Me kjem opphaveleg frå Strandvik i Fusa, men har budd dei siste par åra i Os Sjøfront, og me stortrivst her.

Det yra av liv i og rundt skulpturane som står på Kyrkjeflaten. Borna såg ut til å storkosa seg i "Båten" laga av Kristian Blystad.
Det yra av liv i og rundt skulpturane som står på Kyrkjeflaten. Borna såg ut til å storkosa seg i "Båten" laga av Kristian Blystad.

- Me har tilgang til mange flotte kunstverk rett utanfor stovedøra vår, så eg føler me bur midt og smørauga, seier Gerd.

Ho har også stor sans for den fine skulpturen til Knut Bryn som står ved inngangen til Oseana.

Gerd legg likevel ikkje skjul på at ho og søstera er spesielt glade i Arne Mæland sine skulpturar.

- Han er ein fantastisk kunstnar, og kommunen bør sikra seg fleire av skulpturane hans, meiner ho.

Me tek ein runde bortom Sankta Sunniva-skulpturen til Mæland, og damene er igjen fulle av lovord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spontan kontakt

Søstrene håpar også at fleire av dei andre skulpturane som står utstilt i Osøyro, får fast plass i bygda etter at utstillinga er ferdig om eit par månader.

- Sjå berre kor mange born som bruker skulpturane til å klatra og leika seg i, seier søstrene og ser på det yrande livet på Kyrkjeflaten.

- Dei går bort til den tre-delte skulpturen Rumours 1, 2 og 3, og møter Sofie Alice på 6 og eit halvt år inni den største ringen. Ho har ingenting imot å dela plassen med dei to søstrene, og kontakten mellom ungjenta og dei eldre damene er spontan og lattermild.

Dette er tydelegvis med på å spre glede og rom for nye, spanande møte mellom kunst og menneske.