Tim Henrik Sperrevik, med lang fartstid i Os Fotball, skal vera med og styra Lysekloster-skuta i 2.divisjon.
Tim Henrik Sperrevik, med lang fartstid i Os Fotball, skal vera med og styra Lysekloster-skuta i 2.divisjon.

- Eg hadde ikkje trudd dette for tre år sidan

I dag presenterte Lysekloster sitt nyaste tilskot i trenarteamet. Tim Henrik Sperrevik (39) har skrive kontrakt ut 2017.

- Om ein hadde gått tre år tilbake i tid, ville eg aldri trudd at dette var mogleg, seier "Timmen".

Tidlegare var han veldig kritisk til Lysekloster, og meinte at det aldri kom til å bli noko av satsinga. Det var før han blei kjend med klubben.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Suksessen klubben opplever er ikkje tilfeldig. Klubben er bygd på eit solid fundament, og vert driven av engasjerte og flinke folk, seier han og held fram:

- Det er sikkert nokon som kjem til å reagera. Eg kan ikkje seia nei til sjansen til å trena ein 2. divisjonsklubb. Satsinga til Lysekoster gagnar Os-fotballen. Det er viktig å ha eit lag som satsar og skapar inspirasjon.

Ambisjonsrik

Dei siste to åra har den tidlegare Os-spissen trena aldersbestemte lag i Lysekloster. No skal han trena laget saman med Thomas Sandal, som held fram som manager.

- Kva ser du føre deg at du skal bidra med?

- Eg er glødande engasjert. Eg har ambisjonar som trenar, og eg kjem til å bidra med trykk på feltet. I tillegg har eg erfaring frå spelarkarrieren og som trenar, seier Timmen.

Thomas Sandal er ein av grunnane til at Timmen ønskte å takka ja til tilbodet om å bli Lysekloster-trenar.

- Eg kjenner han godt frå tida i Fana. Han er fundamentet i satsinga til Lysekloster, og er respektert blant både trenarar og spelarar i heile Bergen. Det er han som er sjefen i trenarteamet, seier han.

Avslutta samarbeidet med Nielsen

Ørjan Sandal er framleis ein del av trenarteamet, men han vil også ha nokre oppgåver utanom.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva skjer med rolla til Tore Nielsen?

- Me har blitt einige om å avslutta samarbeidet. Klubben er oppteken av å ha ein lokal profil. Tim er veldig lokal, og me følte for å gjera nokre små endringar. Namnet hans dukka opp, og me er strålande nøgde med å få landa eit samarbeid. Kontrakten varer ut 2017 i førsteomgang, seier styreformann, Svein Kollen.

Manglar materialforvaltar

Kabalen kring laget er så godt som lagt. Kjetil Elvenes rolle som keepertrenar er så godt som spikra. Arne Hitland er framleis oppmann. I tillegg er han administrativ leiar.

- Me manglar ein materialforvaltar. Det er nok i boks om ikkje så alt for lenge, seier Kollen.

Klubben har ambisjonar om å avslutta sin første sesong i 2. divisjon på øvre halvdel av tabellen, blant dei 5-6 beste.

Klubb: Lysekloster Tidlegare klubbar (trenar): Os

Som fotballspelar var Tim Henrik Sperrevik innom Fana, Bregenz og Hartlepool. I tillegg har han mange år bak seg i Os-drakt.