Søndag var Erik Kanestrøm i aksjon for Os igjen og skåra etter alt eitt minutt.
Søndag var Erik Kanestrøm i aksjon for Os igjen og skåra etter alt eitt minutt.

– Eg har sakna heile ramma kring Os-kampane

Erik Kanestrøm er tilbake på Kuventræ, og bidrog til at Os fekk ein god start på hausten med 2–0 heime mot Fyllingsdalen 2 søndag.

– Det er alltid kjekt å koma tilbake på Kuventræ. Det er ein fin gjeng og mottakinga både frå spelarane og Kuventræ er det ingenting å seia på. Eg kjenner dei aller fleste i troppen og det er ein fin kompisgjeng. Eg har sakna heile ramma kring Os-kampane med den positive energien ein får frå publikum, og det å spela for Os, seier Kanestrøm.

Straffe etter eitt minutt

Eitt tap har Os i år, og det kom mot nettopp Fyllingsdalen 2 i opningskampen i vår. Sidan har det blitt ein uavgjort, medan dei resterande kampane har enda i favør Os. Søndag fekk Os revansje mot Fyllingsdalen 2.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Førsteomgang var grei frå vår side. Vi fekk ein fin start då Øystein Takle Eide blei tatt i straffefeltet etter eitt minutt. Eg skåra, men eg burde også ha hatt eitt til i løpet av dei første 45, seier Kanestrøm.

Os gjekk til pause med ei 2-0-leiing etter mål frå Kanestrøm og Christoffer Hafsås. I andreomgang kom det ikkje fleire skåringar.

– Fyllingsdalen 2 hadde meir ball etter kvilen. Vi var strukturerte i måten vi sprang og jobba på. Ein lagsiger, seier Kanestrøm.

Tøff nøtt å knekkja

Førebels har ikkje Kanestrøm snakka om lengde på kontrakten med Os, men om det er opp til han sjølv, blir han verande ut karrieren.

– Eg blir så lenge eg får lov, seier Kanestrøm og legg til:

– Eg skal nok ha eit møte med Endre Brenne i løpet av veka om kontrakten. Vi får sjå kva han seier.

Neste kamp for Os er fredag borte mot Lyngbø som ligg på 2.-plass. Kanestrøm ventar ein tøff match.

– Det blir nok jamt, og ikkje eit resultat som i vår, seier Kanestrøm og siktar til 8-2-sigeren til Os over Lyngbø på Kuventræ.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg kjenner nokre av spelarane deira, og det er eit bra lag dei har fått seg. Lyngbø har historisk sett vore ei tøff nøtt å knekkja for vår del, men eg har tru på Os-siger fredag.