- Eg har kjøpt einvegsbillett, så får me sjå kor lenge eg blir. Liker dei det dei ser, grip eg truleg sjansen, seier Ståle Steen Sæthre som er klar for prøvespel på Island.
- Eg har kjøpt einvegsbillett, så får me sjå kor lenge eg blir. Liker dei det dei ser, grip eg truleg sjansen, seier Ståle Steen Sæthre som er klar for prøvespel på Island.

Eventyr-guten ut på nye eventyr

Ståle Steen Sæthre går ikkje av vegen for å prøva noko nytt og spennande. Neste veke prøvespelar han for IBV på Island.

- Eg er ein eventyrgut, veit du. Eg elskar nye og spennande utfordringar, humrar fusingen.

- No gler eg meg sjukt til å prøva ut tilhøva på Island og finna ut om det er ein plass der eg kan leva og spela fotball eitt års tid eller meir, legg 23-åringen til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Takkar Brenne

Sæthre takkar dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne, for høvet til å visa seg fram på saga-øya.

- Endre har spelt der i fleire år og har sine kontaktar. Det er hans verk at eg får meg denne turen, seier Sæthre.

Den tidlegare Lysekloster-angriparen veit svært lite om klubben han skal prøvespela for.

- Eg veit at dei heiter IBV Vestmannaeyjar og at klubben held til på ei noko aude øy, ler Sæthre.

- Nei, eg har ikkje peiling. Eg synest berre det er spennande med nye ting - både på og utanfor banen, legg han til.

Øvste nivå

Sæthre set seg på flyet til Island på søndag. Om opphaldet endar med kontrakt, vert det fusingens niande klubb som seniorspelar.

- Ikkje kom dragande med det der fotballnomade-omgrepet. Jaudå, eg har vore litt rundt om kring, men det er det mange grunnar til, ler han lett, og legg til at han skal vera med på treningskamp mot fjorårets seriemeistrar på Island, Fimleikafélag Hafnarfjarðar.

IBV Vestmannaeyjar vart nummer ni på tabellen i fjorårets sesong.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Laget du skal prøvaspela for spelar altså på øvste nivå på Island. Korleis er det i høve til norsk fotball?

- Ifølgje Endre (Brenne) kan ein samanlikna det litt med OBOS-ligaen her heime. Det er i alle høve bra nivå. Det skjønar ein jo når ein ser alle islendingane som vert henta ut i Europa frå denne ligaen, slår Sæthre fast.

Spiss

I typisk Sæthre-ånd reiser han på lukke og fromme med topp innstilling.

- Eg har kjøpt einvegsbillett, så får me sjå kor lenge eg blir.

- Liker dei det dei ser, grip eg truleg sjansen.

- I kva rolle er det dei vurderer deg?

- Dei skal prøva meg ut som spiss. Det passar meg supert. Det er også plassen eg trivst best, sjølv om eg kan spela mange plassar på banen.