Nore Neset var centimeter frå å avgjera semifinalen i ettermiddag på denne headingen.
Nore Neset var centimeter frå å avgjera semifinalen i ettermiddag på denne headingen.

Nesten for Nore Neset

Nore Neset må ta til takke med bronsefinale i morgon etter å ha tapt med minst mogleg margin i semifinalen i ettermiddag.

Os & Fusaposten snakka med trenar Eirik Kvittingen undervegs i kampen. Han kunne fortelja om ein jamnspelt kamp. Då sluttsignalet gjekk, stod det framleis 0-0 i målprotokollen. Ekstramomganger måtte til for å kåra ein vinnar. Vinnaren blei Lambertseter, etter ei skåring på golden goal.

Vegen til semifinalen har likevel vore utruleg imponerande frå dei talentfulle jentene frå Nore Neset. Holmen IF blei knust 4-1 i 16-delsfinalen. Ekholt blei for småe i 8-delsfinalen i går. Det blei også Dahle IL/Nordlandet i kvartfinalen i dag tidleg. Nore Neset hadde full kontroll og vann klart med 3-0. Semifinalen mot Lambertseter blei ein mykje jamnare affære, og sistnemde trekte altså det lengste strået. I morgon klokka 08.00 skal jentene spela bronsefinale finale mot taparen av oppgjeret mellom Gjelleråsen og Pyongyang. Sistnemnde har grusa all motstand så langt, og ikkje sleppt inn eit einaste mål.