Nore Neset/Os J15 skal spela semifinale i Norway Cup fredag ettermiddag, etter at dei vann 1-0 over Gjelleråsen i kvartfinalen.
Nore Neset/Os J15 skal spela semifinale i Norway Cup fredag ettermiddag, etter at dei vann 1-0 over Gjelleråsen i kvartfinalen.

Nore Neset/ Os er klare for semifinalen i Norway Cup

Skåringa til Vilde Drange Veglo sikra jentene semifinaleplass og revansje mot Gjelleråsen, som blei for sterke i bronsefinalen i fjor.

Klokka 11.00 fredag starta kvartfinalen for Nore Neset/Os J15. På motsett halvdel stod Gjelleråsen. Nore Neset opna best, men Gjelleråsen kom betre med mot slutten av førsteomgang. Ingen av laga klarte å få hol på byllen før kvilen. Etter ein kort pause kom laga på banen igjen, og eit heiltent Nore Neset-lag tok føringa frå start av. Vilde Drange Veglo hadde alt hatt eit par gode forsøk før ho blei spelt gjennom åleine med keeper. Då gjorde ho ingen feil, og sende laget sitt i føringa. Gjelleråsen klarte ikkje å skapa noko på eit solid Nore Neset-lag, og jentene kunne jubla for semifinaleplass og for at dei fekk revansje mot Gjelleråsen som vann 3-0 i bronsefinalen i fjor.

Her jublar dei etter å ha sikra semifinaleplass: https://www.youtube.com/watch?v=Az7hFyvaT8M

Artikkelen held fram under annonsen.

Framleis ikkje sleppt inn mål

Nore Neset/Os har imponert mange, både lokale og andre tilskodarar i Norway Cup. I gruppespelet blei det tre sigrar og 22-0 i målskilnad. IL Bjørn blei feidd av banen i 8-delsfinalen med 8-0. Med 1-0-siger over Gjelleråsen har jentene framleis til gode å sleppa inn mål i årets cup - og no er dei komne heilt til semifinalen.

Der møter dei anten Kolbotn eller Herd. Resultatet i den kampen er førebels ikkje klart.