Leiter etter Ruska
Ein ti år gamal Schæfer-hund ved namn Ruska har vore sakna frå området Varga/Vargavågen på Halhjem sidan klokka 8 i går morges.
Då var eigaren på tur med schæfarhunden og fleire andre hundar. Men medan dei andre hundane kom attende etter ein liten løpetur, var Ruska sporlaust forsvunnen.
– Vi har leita etter ho i alle nærområde og med ettersøkshund i skogen. Det er ingen teikn til ho der, opplyser Ine Eide, som tek kontakt med avisa på vegner av eigarane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eigarane er framleis ute og leitar, fortel ho.
Ruska har aldri stukke av frå familien sin på denne måten før.
– Ho har separasjonsangst og pleier ikkje gå frå dei i det heile. Det er veldig rart, meiner Eide.
Eigarane har varsla politiet om forsvinninga. Om nokon skulle finna hunden, vert dei bedne om å ta kontakt anten med politiet eller eigarane sjølve.
– Ho har eit band rundt halsen med namn og telefonnummer på, seier Eide.
Ho legg til at ein ikkje treng vera uroa for å ta kontakt med hunden.
– Ruska er ein veldig snill hund. Å stikka av på denne måten er ikkje likt henne i det heile, understrekar ho.
camilla.kvamme@osogfusa.no