Familiene Vernøy og Hjelle var tidleg ute med å finna standsmessig plass på taket av Havnechefen.

Draumefeiring på «nye» Øyro

Med nye uterestaurantar, nyoppussa sentrumsgolv og strålande sol frå knallblå himmel vart det ei aldeles strålande 17. mai-feiring i Os onsdag.

Osøyro:

Alt frå tidleg morgon var det fylt til randen på den nyopna takterrassen til Havnechefen i sentrum. Like bortanfor hadde dei det meir enn travelt nok med å servera frokost på Engeline og Hannes Konditori og Musikkbar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kongeleg utstikt

Og dei som var så heldige å ha fått seg bord på uterestaurantane såg ikkje mykje grunn til å flytta på seg for å sjå toget. Både frå den nye uterestauranten i Brugata og frå taket på Havnechefen var det kongeleg utsikt til det forbipasserande toget.

Innvia paradegata

I høve opprustinga av Bygdraget gjekk årets tog for første gong tilbake gjennom Brugata og ned Bydraget før det enda opp på Kyrkjeflaten.

Langs med den nye paradegata i Os var det stappfullt av festkledde osingar. Med hus på kvar side gav det også rikeleg med god akustikk, slik at korpsmusikken til Os Musikkforening verkeleg nådde fram til dei bakre rekkjer.

Vesle Vegard tok jobben for pappa Henning med å vera levande ballongdansar. Lilleballong-familien hadde jobba til klokka 04.00 natt til 17. mai for å førebu seg til den store dagen.

Å så var det dachs for å gå i tog. Siljes  to små, firbeinte var klare.

85 år gamle Alvin Aspevik fann seg godt til rette på Os sitt svar på Den blå steinen i Bergen.

Familien Lothe Våge er godt kledd opp i bunad frå Hardangar. Med til historia høyrer det at dei to siste i gjengen også hadde bunad, men at dei var opptekne med toget då Os og Fusaposten tok bilete.

Espen Gjertsen (t.v) feira 17. mai i Os for første gong. Tilflyttaren er frå Haugsdalen og har tidlegare feira på Samdalen skule.

Os og Fusaposten er ikkje dei einaste som er utstyrte med foto og videokamera på ein dag som denne.

Det var noko kontinentalt og sydleg over Os onsdag. Her er Helle og Julie som leikar seg med den flotte vassfontena på torget.

Filming, sending, foto. Folk tek opp og får det meste med seg. Denne kvinna nytta like godt ipaden sin for å få gode filmopptak av russen.

Linda Andersen og resten av gjengen i Os Amcarklubb køyrde skinnande glis i toget.

Ole Reinert Berg-Olsen, kona Kari og vesle Ferdinand unna seg ein god frukost på «taket» av Osøyro.

Os Skulekorps gjorde seg klar for prosesjon.

Os Mannskor gledde som vanleg tilhøyrarane kring Minneparken med Gud signe vårt dyre fedreland.

Rødrussen blåste ein lang marsj i at fløyta dei spelte på var blå.

Tidlegare askøyværing Torstein Skårnes heldt talen i Minneparken. Den tilflytta osingen skrytte mellom anna om kor godt han var teken imot her i bygda.

Underteikna sin jobb går alltid litt lettare med to trufaste hjelparar.

Etterpå heldt feiringa fram på Kyrkjeflaten med underhaldning frå syngjande og taleføre skuleelevar, gode musikarar og strålande poetar. Årets hovudtale vart halden av kultursjef i Fusa og tidlegare osing, Erik Vangsnes.

Vangsnes tala mellom anna om likskapane mellom Os og Fusa, og at den komande samanslåinga bør møtast med glede.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no