Skal læra born å vera trygge i sjøen
Å ta del i gratis symjing på Os lét seg ikkje gjera for Søre Øyane Naturbarnehage, men no er dei i gang med noko som er minst like viktig.
Dagleg leiar i barnehagen, Kjersti Ellingsen, kom heim frå ein friluftskonferanse før sommaren med stjerner i augo. Ho hadde fått høyra om Coasteering (sjå faktaboks), og tenkte at det var midt i blinken for Søre Øyane Naturbarnehage. No er dei vaksne kursa, og barnehagen byggjer vidare på sitt maritime preg.
– Me ligg her med tilgang på sjø overalt. Etter at eg kom heim foreslo eg for pedagogane at vi skulle starta med Coasteering, der hovudfokus er å gjera born trygge i vatn, spesielt sjø, ved hjelp av leik og vasstilvenning, seier Ellingsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
For kostbart
Styret i barnehagen har hatt lyst til at borna skulle få ta del i den gratis symjeopplæringa i Os i regi av departementet som starta opp for to år sidan, men det har vore vanskeleg å få til.
– Det er barnehagar i Os som kan nytta dette. Vi kan ikkje. Det blir for kostbart å leiga buss. Men eg meiner at det vi skal gjera er minst like viktig som å vera i eit basseng. Sjølv om vi bur i Øyane, er det ikkje alle familiar som har båt eller alle born som får vera med og læra.
Frå før av har barnehagen sjø- og naturlivgruppa som er for dei eldste. I naturlivgruppa blir borna kjende med nærmiljøet og får sjå kvar ting kjem frå, og dei er med på aktivitetar i fjæra.
Trengjer utstyr
Det var tenkt at Coasteering også skulle vera for dei eldste borna, men etter kurset denne veka, har dei vaksne ombestemt seg.
– Det er ikkje noko problem for fireåringane å delta. No skal vi berre få oversikt over kva utstyr vi treng. Det er i alle fall hjelmar, våtdrakter, badesko og redningsvestar. Vi har redningsvestar, men dei er ikkje passande til dette. Så må vi få godkjenning frå foreldra, seier Ellingsen.
Coasteering-aktivitetar ser Ellingsen føre seg at kan bli ein aktuelt ein eller to gonger i veka i barnehagen.
– Vi vil rullera på ungane. Vi har totalt 68 born her. 13 er førskuleborn. Dei skal koma i gang først, så skal vi få plass til fireåringane innimellom, seier Ellingsen.
Dette ønskjer barnehagen at coasteering skal bli for dei:
Artikkelen held fram under annonsen.
* Primært eit tilbod til dei eldste borna som har «Sjø – og Naturliv»
* Ein unik måte å oppleva naturen på, vi går på tur i sjøen
* Gjera borna trygge i vatn, spesielt i sjø
* Fokus på leik og vanntilvenning
* Borna skal læra å forflytta seg føremålstenleg i vatn og på land (hoppa, symja, klatra og gå)
* Borna skal oppleva og læra å koma seg frå vatn til land under varierande forhold (for eksempel brygge, kai eller svaberg)
* Auka kunnskap om livet i fjæra
* Gje kunnskap om miljøvern * Plukka boss, bidra til strandrydding