Kreative forslag frå innbyggjarane, vert mottekne med takk når Bjørnafjorden kommune skal skaffa seg nytt kommunevåpen. (Arkiv
Kreative forslag frå innbyggjarane, vert mottekne med takk når Bjørnafjorden kommune skal skaffa seg nytt kommunevåpen. (Arkiv

Nytt kommunevåpen: Hamnesjefen, ein oselvar eller kanskje ein gladlaks?

Bjønafjorden kommune treng kommunevåpen. Sjå kva innspel ordførarane i Os og Fusa fekk då dei spurte innbyggjarar på begge sider av fjorden om råd.

For kort tid sidan oppmoda kommuneleiinga i dei to kommuane innbyggjarane om å koma med innspel til det nye kommunevåpenet. Det er att på til lyst ut ein konkurranse der vinnaren kan stikka av med heile 20.000 kroner.

– Kva meiner du er typisk for Bjørnafjorden? Kva ord, symbol eller naturfenomen er typisk for dette området? Dyr, planter, landskapsformer, gjenstandar, historiske symbol eller anna, spør kommunen og bed samstundes innbyggjarane om å vera kreative.

Artikkelen held fram under annonsen.

I samband med den første idémyldringsfasen har ordførar i Os, Marie Lunde Bruarøy og ordførar i Fusa, Atle Kvåle, vore ute blant folk og kjent litt på stemninga.

Sjå filmen til Varde Mediaher. (link til Bjørnafjorden kommune si heimeside)

Brenn du inne med ein god idé, kan du senda inn forslaget ditt på heimesida til den nye kommunen, www.bjornafjordenkommune.no.

camilla.kvamme@osogfusa.no