Bjørn T. Bøe, Ellen Siren Bruarøy og Nils-Anders Nøttseter tykkjer det er inspirerande å vera ein del av den grøne bølgja som sveipar over landet.
Bjørn T. Bøe, Ellen Siren Bruarøy og Nils-Anders Nøttseter tykkjer det er inspirerande å vera ein del av den grøne bølgja som sveipar over landet.

Knallmåling for Miljøpartiet

I «Os og Fusaposten» si nye meiningsmåling klatrar Miljøpartiet Dei Grøne forbi både Senterpartiet, Venstre og KrF, og vil få to mandatar i det nye kommunestyret.

Sjølv Nils-Anders Nøttseters optimisme vart overgått av resultatet frå meiningsmålinga utført av NorFakta: 5,5 prosent av osingane svarer at dei vil røysta på MDG ved komande val.

- Dette er betre enn kva eg hadde sett for meg. Utruleg kjekt, seier listetoppen for MDG.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom dette slår til, vil Miljøpartiet få to representantar i kommunestyret. Me har difor samla dei tre aktuelle kandidatane - som alle står på kumulert plass. Nummer to er Ellen Siren Bruarøy, sjølvstendig næringsdrivande og partiets toppkandidat i 2011, og førskulelærar Bjørn T. Bøe som står på tredjeplass. Nokre slengarar den eine eller andre vegen kan fort endra på rekkjefølgja.

- No må vårt klare mål vera å få inn alle tre. Det gjeld å veksa vidare, seier Nøttseter.

«Os og Fusaposten» si måling i april gav partiet 3,5 prosent av røystene. Partiet må veksa opp til 7 prosent skal dei ha von om å få inn alle tre. I så fall kan dei bli det neststørste opposisjonspartiet, etter Arbeidarpartiet, som no får 18,7 prosent.

- Nokon må seia ifrå

- Kva tenkjer de om utsikta til å bli eit protestparti i eit tydeleg blåblått kommunestyre?

- Det er ikkje lyst til å få makt som driv meg. Det er meir ei kjensle av plikt. Nokon må stå opp og seia i frå at forbrukarsamfunnet som Frp står for ikkje kan vara i det uendelege, seier Bøe, og får støtte frå Nøttseter.

- Eg har sete på tilhøyrarbenken i kommunestyret mange gonger i år, og har ikkje tal på kor mange gonger eg har hatt lyst å gå på talarstolen og seia nokre sanningsord. Det er det som er det viktige - at me får ein talarstol!

Dei viser til kor mykje det har betydd for partiet at dei har hatt ein - berre éin - mann på stortinget. Ein ting er større pressedekning. Men dei har faktisk fått gjennomslag for politikk også. Klimalova fekk partiet alle stortingspartia med på, med unntak for Framstegspartiet.

MDG møter kommunepolitikken

- Nokon seier at veksten dykkar handlar berre om denne eine saka - miljøpolitikk. Korleis går det når Miljøpartiet Dei Grøne møter praktisk kommunepolitikk?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er sant at me har nytt godt av at miljøsaka har vore ein av dei viktigaste sakene i denne valkampen. Samtidig er ikkje omsynet til miljøet noko enkeltsak for oss slik det kan vera for andre parti. Det er eit grunnpremiss for all politikken vår, seier Bjørn T. Bøe.

- Me har lagt mykje arbeid ned i det lokale valprogrammet vårt, og merkar sterk interesse for det når me står på stand. Det har skjedd at me ikkje har skrive ut nok eksemplar av det, seier Nøttseter, og gjev oss eitt.

Der står det: "Vi ønskjer ikkje eit Os dominert av ei enorm trafikkmaskin, men ei bygd med realistiske, praktiske, reine og effektive løysingar for transport og utvikling". Større satsing på elbilar, altså. Men kva med eit felt som skulepolitikk?

- Me har ein heilskapleg politikk. Livskvalitet og tryggleik er noko me set høgt. Difor vil me innføra skulematordning, krevja tryggare skulevegar og ha høgare lærartettleik, for å nemna noko, seier Nøttseter.

- MDG minnar om Frp

Toppkandidat for Frp, Terje Søviknes, er ein annan som kan gle seg over resultatet som ligg føre. Partiet hans stangar opp i 40-prosent-grensa, og får inn ein ekstra mandat i forhold til dagens situasjon. Frp går fram nesten tre prosentpoeng frå «Os og Fusaposten» si måling i april. Med eit stabilt Høgre (16,5 prosent), ligg det an til ei vidareføring av dagens styre.

- Me er tilfreds med dette, og samtidig audmjuke i forhold til at det er ein månad igjen av valkampen. Det er uansett kjekt å registrera at osingane set pris for den handlekrafta me står for, seier Søviknes.

- Kva tenkjer du om MDG sin kraftige vekst?

- Det minnar litt om Frp sin framvekst på 70-talet. Me voks også fram som ei protestrørsle og som ei grasrotrørsle. Som Frp har MDG også stort fokus på individet. Men eg trur dei færraste har fått med seg kva økonomisk politikk dei står for på landsplan. Dei ønskjer i realiteten lågare lønningar og forbruk - og i neste omgang mindre velstand, hevdar Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Sunt å bli utfordra

For Os Venstre er målinga til «Os og Fusaposten» dårleg nytt. Ein tilbakegang frå sist måling frå 4,9 til 4,3 medfører at partiet mistar eitt av mandata sine. Listetopp hjå Os Venstre, Jon Sivert Rykkel, må i så fall ta fatt på neste kommunestyreperiode utan Glenn Erik Haugland ved si side. Rykkel sjølv tek nyhendet med fatning.

- Det er store svingingar på slike målingar og ein viss feilmargin. Ved førre val fekk me ein prognose på 3,9 prosent, men så gjorde me vårt beste val på lenge og hamna på 5,3 prosent. Eg har tru på at det endelege resultatet vil bli betre for oss, seier han.

Av OFP si måling går det fram at 23 prosent av dei som røysta Venstre ved sist val, no svarer at dei ikkje veit kva dei vil røysta. 20 prosent har gått over til Miljøpartiet Dei Grøne.

- Miljøpartiet har vore flinke, og eg ønskjer dei hjarteleg velkomen til Os-politikken. Eg trur det er sunt at dei utfordrar oss til å tenkja gjennom miljøpolitikken vår på nytt. Dei tener nok litt på ikkje å ha ein historikk, men vert sett som noko nytt og spanande. Når ein får makt må ein ta andre omsyn. Me i Venstre har fått gjennomslag for konkret miljøpolitikk på landsplan ved å føra Frp/H-regjeringa i ei grønare retning, men det gjev oss dessverre ikkje like stort gjennomslag som MDG no får. Men eg er klart overtydd om at på dei fleste felt er vår politikk betre enn MDG sin, seier ein framleis kampklar Rykkel.

* Meiningsmålinga er utført av Norfakta Markedsanalyse i perioden 10 - 12. august.

* 601 personar i Os vart spurde

* 23 prosent hadde ikkje bestemt seg

* 4 prosent svarte enten at dei ikkje vil røysta, eller ikkje vil svara

* 435 personar i Os svarte

* Feilmargin for utvalet er inntil 3,8 prosent

* Frp og KrF har dei mest stabile veljarane. Over 70 prosent av dei som røysta desse partia sist, vil gjera det same no.

* Frp er mannspartiet. 48 prosent av mennene i Os røystar på partiet.

* Frp har sin sterkaste maktbase i aldersgruppa under 30 år (43 prosent)

* Dersom berre kvinnene hadde røysterett, ville Frp/H mista fleirtalet

* 8 prosent av kvinnene i Os vil ha Miljøpartiet, mot 4 prosent av mennene

* MDG har sin sterkaste base i aldersgruppa 30-44.

* Ingen av dei 83 spurde under 30 år har oppgitt at dei vil røysta Venstre eller SV. I april plasserte 4 og 6 prosent av dei spurde seg hjå dei to.

* TvS har aldersgruppa 60+ som si sterkaste gruppe, der dei sankar 18 prosent av røystene. Til gjengjeld svarer 1 prosent av dei mellom 30-44, og 1 prosent av dei mellom 45-59, og 2 prosent av dei under 30 at dei vil røysta TvS

* Senterpartiet står sterkast blant dei under 30 med 10 prosent. Men berre 1 prosent av dei over 60 vil røysta Sp, og 1 prosent av dei mellom 30-44 vil røysta Sp.

* I april svarte 10 prosent av dei under 30 at dei vil røysta KrF. Dette er no redusert til 2 prosent. 8 prosent av gruppa 60+ vil røysta KrF.

* Ap går tilbake, og mykje av tilbakegangen er skjedd hjå den eldre garde. I april svarte 25 prosent av gruppa 60+ at dei vil røysta Ap, medan dette no er redusert til 14 prosent.