Sendte flaskepost – fekk brevvenn
I juni sendte Mathea Kvåle Hovland (8) ein flaskepost frå Tittelsnes i Sveio. Norenesingen fekk raskt svar.
Etter nokre veker dukka det nemleg opp ei etterlysing på Facebook. Ein kar som heiter Arve hadde funne ein flaskepost på Tittelsnes frå ei 8 år gamal jente frå Os.
– Han fann flaskeposten min då han var ute og plukka bos, fortel Mathea.
Artikkelen held fram under annonsen.
Åtteåringen, som snart skal begynna i tredje klasse, synest det er gøy å skriva. Ho har hatt lyst til å senda flaskepost ei stund.
– Eg skreiv at eg håpte at nokon kom til å finna han, og så skreiv eg litt om kva eg likar å halda på med, fortel ho.
Etter at finnaren på Tittelsnes hadde lokalisert avsendaren, dukka det opp eit svarbrev. Denne gongen med ordinær post. I brevet var det pantepengar, nokre gode drops og ei bok om Emil.
– Han hadde panta flaksa så då sendte han meg pengane for panten, seier Mathea.
Også ho har sendt brev tilbake.
– Så de har blitt brevvenner?
– Ja, det har vi, seier ho.
Når Os og Fusaposten snakkar med 8-åringen er ho på veg ut i båt for å bada. Ho har allereie sendt ein ny flaskepost. Frå farmora si hytte på Radøy.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg ventar på svar, seier ho nøgd.
camilla.kvamme@osogfusa.no