deLillos består av Lars Lillo-Stenberg, Lars Fredrik Beckstrøm, Øystein Paasche og Lars Lundevall. Her i ei yngre utgåve, frå 1992.
deLillos består av Lars Lillo-Stenberg, Lars Fredrik Beckstrøm, Øystein Paasche og Lars Lundevall. Her i ei yngre utgåve, frå 1992.

Legendariske deLillos til Os

Få band kan skryta på seg å vera ein del av den norske folkesjela. Os-aktuelle deLillos kan.

I år kan Oslo-bandet deLillos feira 30 år i bransjen. Med klassikarar som «Tøff i pyjamas», «Min beibi dro av sted», «Kokken Tor» og «Hjernen er alene» i disko-grafien, har dei blitt ein del av nordmenns allsongrepertoar.

Difor var det høgst fortent at dei, for å feira 25 år i 2010, spelte inn albumet «Trist å være glad» i legendariske Abbey Road Studios i London. I følgje vokalist og låt-skrivar Lars Lillo-Stenberg, skal det visstnok ha oppstått telepatisk kontakt med dei fire du veit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei fire store

The Beatles eller «the fab four» der altså. Men De Lillos vert også rekna for å vera blant dei fire store norske, saman med Raga Rockers, DumDum Boys og Jokke & Valentinerne.

Mykje av deLillos særpreg heng på frontfigur Lillo-Stenbergs karakteristiske stemme og naivistiske, tilsynelatande enkle tekstar.

Mørkt

Sist deLillos spelte i Os, var sommaren 2008. Då som no til helga under Osfest, vil dei truleg spela sommarklassikaren «Neste sommer», sjølv om songen i følgje Lillo-Stenberg ikkje er representativ for bandets kjerne.

- Det er og blir ein rar song. Den er veldig positiv, og det tenkjer ein kanskje er typisk for deLillos, men det er berre den songen som er sånn. Alle dei andre har mykje mørkt i seg, seier vokalisten i eit intervju med musikkbloggen Deichman.