"All time low" i Oselva
Natt til onsdag opna Oselva for fisking, men flogefiskarane stod ikkje akkurat i kø.
- Så vidt eg kan hugsa er dette noko av dei dårlegaste tilhøva me har hatt i samband med opning. Å fiska laks i så lite vatn er som å plukka tyttebær i februar, humrar fiskeveteran og medlem av fiskegruppa til Os Jakt- og Fiskelag, Leif Juvik.
Han var sjølv oppom elva like etter midnatt. Der var det lite med folk.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg møtte på Remi Bårdtvedt og Stig Gram-Knutsen oppe i Kvernhushølen. Dei var dei einaste som fiska, så vidt eg veit, fortel Juvik.
Han var der med dei i eit par timar.
- Dei gav seg i to-tida. Det var ikkje mykje å stå der for, seier Juvik.
Må regna i dagevis
Nett no er elva svært låg. Med dei vêrutsiktene som er no ser det ikkje ut til at fisketilhøva vert så mykje betre med det første.
- Me må i alle høve ha to-tre dagar med skikkeleg godt med nedbør. Inntil den tid er det ikkje vits å bruka for mykje tid i elva. For all del: Det er fisk der oppe, men dei gøymer seg godt når vasstanden er så låg, seier Juvik.
Sjølv sparte han fiskeutstyret til neste veke når han skal til Sanddøla i Namsenevla.
- Eg var i Namsen sist veke også. Der var det heilt andre tilhøve. Bra elv og godt med fisk, seier Juvik som fekk seg tre fine laks på 6, 8 og 8 kilo.
Gjedde beit på
Det einaste som vart drege på land frå Oselva natt til onsdag var ein halvanna kilo stor gjedde. Den vart dregen opp av Karl Otto Curran i Kremretten.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Elles var det eit par som fekk opp nokre sjøaurer, men dei er freda, så dei vart sleppte ut att igjen, oppsummerer Juvik.