Tyveri i Havsgård
I går klokka 12 fekk politiet i Fusa inn ei melding om innbrot i Havsgård.
Innbrotet skal ha funnen stad mellom sundag og torsdag.
- Det er anleggsutstyr som er stolen. Utstyret har større verdi, og er nok verdt kring 50.000 kroner, informerer lensmannskontoret i Fusa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ønskjer tips
Tyveriet blei oppdaga av ein arbeidar, men politiet har ikkje så mykje meir informasjon om saka.
- Om du har sett mistenkjeleg åtferd mellom sundag og torsdag, bed vi om at du tek kontakt med oss, seier lensmannsbetjenten i Fusa.